torsdag, juni 17, 2010

Tannfelling, spor og kurs.

Emil er midt i verste tannfellinga nå. Og når eg skriv verste, så meiner eg verste. Eg må innrømme at eg har et noget anstrengt forhold til alt som har med tenner og tannkjøtt og tannlegar og blod i munnen å gjera, og syns det er direkte brekningsframkallande når eg kjenner blodlukt av munnen hans når han slikker meg i ansiktet.

I kveld kom han med matskåla si og då eg skulle ta i mot den, holdt han igjen, og dermed HØYRDE eg at ei av hjørnetennene revna frå tannkjøtet. Eg kikka inni munnen hans, og der hang tanna i ei tynn og blodig sene berre. Eg fekk det for meg at han ikkje måtte svelge den, sjølv om han sikkert har svelgt halvparten av den andre tennene han har mista, så eg ba Vetle halde bak rumpa hans, og så skulle eg trekke ut tanna.

Nevnte eg at eg har eit noget ANSTRENGT forhold til slikt?

I allefall, følelsen av varm og laus og fuktig tann som blir reven ut or tannkjøtet på litle søte kvalpen min var nesten meir enn tålte. Eg overlevde og er her endå, så ingen skal komme her og sei eg manglar MOT! :-)

Tidlegare i dag var me på Åpen Dag på Vennesla Dyreklinikk, og fekk tennene hans sjekka. Alt såg fint ut, sa dyrlegen, men du må trene på at han tåler å bli håndtert. Jepp, sa eg, og skjems meg ut derifrå. Men ikkje før eg fekk setja han på vekta. Heile 21 kg har han blitt, og han er IKKJE tjukk! Trur nok han blir ein svær kar, eg... I morgon er han forresten på dagen 5 mnd.

Då me kom heim, var både han og eg så varme at me like greit køyrde inn til Fiskelausvatn så han fekk bade. Han la på svøm med ein gong, og oppdaga steinane på botn. Dei måtte jo undersøkas, så han byrja å dykke. Han var først litt overraska då han kom opp igjen, men så gjentok han bragden gong på gong på gong så eg nesten trudde han hadde tenkt å drukne seg! Eg heiv også av meg kleda og vassa ut, det var jo lunka! Eg svømte ikkje, men kunne meir enn gjerne gjort det om eg hadde hatt badetøy og handkle med meg!

I går sendte eg Vetle ut i skogen for å legge spor til Emil, og det blir rundt 180 meter langt med ein gjenstand. Det låg i ca ein time og tre kvarter, og T-skjorta til Vetle låg i starten. Emil tok ut innover i skogen som om han hadde sett kor Vetle hadde gått, og var dønn PÅ absolutt heile tida! Han kryssa to bekkar og eit bevertråkk og då han fant gjenstanden, kom han rett tilbake til meg med den for å leike :-)

Då han fant Vetle, syns han først det var skummelt, kanskje fordi Vetle hadde ein rar svart ting foran ansiktet eller kanskje fordi han ikkje hadde venta å treffe folk midt i sporet sitt. Då han skjønte det var Vetle, forsvant busten som dugg for sola, og alt var bare yr glede. Så det må me trene meir på, at han støter på folk i skogen. Han har tidligare vist tendenser til å først bjeffe på folka, og så bli glad. Eg skulle helst sett at han droppa bjeffinga heilt. :-)

 DSC06925
DSC06926
DSC06937
DSC06942
DSC06945


DSC06950 DSC06951 DSC06952
Her kjem Emil gåande, så ser han Vetle, buster, og så er alt lågt før han skynder seg bort for leik og kos :-)

DSC06955DSC06953

 

Snille snille Siv sendte meg mail om at dei hadde ein ledig plass på kvalpekurset i helga, om eg var interessert. Klart eg var, så eg meldte meg på i ein fei! Eg skal jo på grunnkurs til hausten, så då rekner er med at eg kan få eit lite hint om kva eg kan trene på over sommaren før kurset byrjar. Dessuten er det ein flott anledning for sosialisering på både folk og kvalper, noko me treng, og i tillegg kom eg på at eg kan lage Snickerskake som pausemat!! Juhu!! Så snilt å tenke på meg og Emil! :-)

2 kommentarer:

  1. OI han har jo blitt svær jo! Eg trur du gjer ein kjempejobb med han, og at han blir ein fin fin vaksen hund

    SvarSlett
  2. Eg krysser fingrane og bestemmer meg for at du får rett i det :) Tusen takk!

    SvarSlett