søndag, oktober 17, 2010

Nok ei helg på farten.

Ja, då er eg og Emil godt innlosjerte på Ålgård hjå Olaug og gjengen. Men først eit par bilete heimefrå:

 DSC09370
Heime hjå oss får ikkje hundane vera i sofaen anna enn når noko spesielt skal skje.
Tinka fekk lov då me visste kva veg det gjekk med kreften. Joey fekk lov dei siste vekene etter at me hadde bestilt tid for Det Siste Farvel, og nå får også altså Ayla lov til å boltre seg i sofaen. Me veit ikkje kor lang tid det vil ta, men nå får ho lov.



DSC09371
Sist helg då eg var i Odda, kom eg heim til at Vetle, snillingen, hadde laga ei flott bru over bekken til meg. Med gelender og greier! Og her sit Legolas og speidar innover skogen for å følge med om det kjem ein elg, eller kanskje ein elefant.

_____________________________________________________-

 

Så til helga.
Årsaken til at me har reist opp hit nå, er jo at planen framleis er å gå rallycup i morgon. Og i den samanheng inviterte eg nokre få til ein intensiv treningsdag på lørdag. Ikkje alle kunne, sjølv om dei fleste nok gjerne ville, så me blei tre stykker som trente denne dagen. Det var eg og Emil sjølvsagt, og så var det Gunn og Embla og så var det Carita og Oliver.

DSC09376 DSC09380

Mellom oss tre og hundane våre, blei det trent på innkalling, bakpartskontroll, skiltforståing, start på FVF, vendingar, rette sittar, tannvisning, kontakt med forstyrrelsar (og det blei det nokre av denne dagen), og sikkert meir som eg ikkje hugser.

For min eigen del tabba eg meg skikkelig ut med å demonstrere bakpartskontroll oppå skiltholderane til Ghita. Då eg etterpå skulle trene litt på dei ulike skilta, forsøkte han å gå oppå klossen med skiltet på.. Phanken, altså...

Søndagen skulle Carita og eg på skøyter i den nye fleirbrukshallen i Sørmarka, og der kjende eg særdeles godt at eg hadde gjort ting på lørdagen som eg vanlegvis ikkje plar gjera. Det var såvidt eg klarte å halde meg på beina.. Berre så alle veit det; når ein går på skøyter, bruker ein musklane framme på låret! Det lærte eg grundig i dag! Det er nemleg nøyaktig dei same musklane ein bruker når ein skal ned i djup knebøy for å belønne ein flink Emil i innkallingstrening.

Då eg kom heim etter skøytinga, fekk eg lov til å ta med meg Lea på tur i lag med meg og Emil, og kan tru me koste oss!

DSC09387 
Lea er vant til å gå i skog og mark, og syns aldri noko er tungt eller langt.


DSC09389
Emil og Lea i fullt firsprang oppover bakkane.

DSC09399
Dei var så snille og venta på meg så eg fekk nå dei att :-)


DSC09401
To blide turkameratar.


DSC09431 DSC09417  
Me fann noko tau som var spent opp i nokre trær, og slikt må jo klatras i.

DSC09433 
Tante og Lea.


DSC09434
På veg heim fann me eit hasseltre med svææære nøtter på, så dei måtte me jo smake :-)

1 kommentar: