søndag, desember 19, 2010

Juletrening hos Amokk

Lørdag var me inviterte på juletrening ved Løddesøl Skule, Emil og eg, og me trossa snøvær og dårlig føre og reiste avgårde med dei beste intensjonar. Målet for dagen for min del var å unngå Mister Brumlebasse, men han er verre enn nokonsinne, så det har eg ikkje lyst til å skrive meir om.   :-(  Er det ikkje slik då, at om ein ikkje snakkar om det, så eksisterer det ikkje? Jo, slik er det, ferdig med det.

Det var ti hundar til saman, alt frå ganske ganske liten boxerkvalp og til ei 12 år gamal herleg golden tispe, alle størrelsar, frå Jack Russel terrier til Grand Danois.

Siv hjalp meg litt med den intense leikinga til Emil, og den snutten kan sjåast her: Filmsnutt av Siv og Emil

Siv har forøvrig skrive eit FANTASTISK innlegg om hundar som blir litt VEL ivrige i leiken, og der er det mange tips å hente for dei fleste. Det ligg her: Blogginnlegg om å ta tilbake kontrollen i lek

Då det var tid for pause, gjekk me inn på skulen og tok med oss det me hadde av godsaker nå før jul, og delte broderlig og søsterlig med dei andre på treninga. Siv og Elin hadde laga til quiz som eg faktisk vant (JUHU), og premien var ei Amokkleike med saueskinn i enden. Emil syns den var veldig veldig kjekk!

Eg hadde tatt med meg rallyutstyret mitt, så eg fortelde litt om rally og sånt og sette opp ein biiiitteliten bane inne der me sat. Etter pausen sette eg opp ein bane på 13 skilt ute, og Siv med Kry og Elin med Spike fekk prøve seg på den. Dei har jo skikkelig flinke hundar, begge to, og klarte banen heilt greit. Eg fekk nok ein gong bekrefta for meg sjølv at i rally er det aller viktigast at FØRAREN veit kva som skal gjerast, og at det å kjenne skilta og korleis dei skal utførast er det som skiljer rally frå vanleg lydighet.  Nyttig kunnskap for meg på seinare rallykurs, altså :-)

Då eg kom heim, hadde Vetle og Ayla vore ute og kost seg i snøen, og Ayla hadde sklidd litt, og dermed begynt å halte VELDIG på venstre bakfoten. :-( I dag er ho betre, men medan Vetle, Emil og eg var ute og måkte litt i dag, hadde ho fått tak i den eine sekken med mat og ete uhorvelige mengder før me såg kva ho haldt på med. Eg ringte veterinæren og spurte kva eg skulle gjera, og ho sa eg kunne gi henne ei ss med salt rett i munnen. Dette skulle få henne til å brekke seg. Eg så gjorde, men kva gjorde Ayla? Ho berre smatta og kikka på meg som om ho ville ha meir.. No ligg ho på golvet og luftar frå begge endar.. Ho ser ut som om ho har ete ein fotball, men dyrlegen meinte på det ville gå godt så lenge me haldt henne i ro. I og med at ho både rapar og fis på rottweilervis, så er det i det minste ikkje fare for magedreining.

Til slutt eit bilete frå i dag.. Me er så heldige at me bur i ein kommune som tilbyr privat brøyting, så me har ein kar som kjem her og freser innkjørsla vår med ein gong det kjem snø. I går og i dag har det kome over 40 cm, og brøytekantane inn til huset ser slik ut nå. P.S. Emil er 60 cm høg, og brøytekantane er høgare enn han

 

 

0_1

4 kommentarer:

  1. Hørtes ut som dokk har hatt en flott helg på trening, så kjekt med sånne kjekke arrangementer!

    Eg måtte le høgt når du skreiv om Ayla, ikje for at det ikje va skummelt at hu har spist så mye, for det va det jo.. Men eg såg na bare for seg, gumla i vei på saltet.. Hehe.. Godt det ordne seg!

    Ha en flott uke frem til jul og nyt snøen :) (Me har fått ny snø me og, så eg krysse fingrene for at det holde til julaften!)

    SvarSlett
  2. Stakkars Ayla. Du burde ha ei flaske brekkmiddel (for barn) i huset.... Eg har det itte at Isi spiste et stort pipedyr. Emil e vel også ganske glupsk...?

    SvarSlett
  3. Carita,
    Eg venta og venta og Vetle sa at saltet måtte nå magen før hu ville brekke seg.. Vel, einaste resultatet av ei heile spiseskei salt var at hu har vore litt tøsste i kveld..
    Og då Emil skulle få kveldsmaten sin, så sto hu pinadø og trippa og ville ha mat, hu også.. hu ser ut så ei tønne.. :-)

    Håpe snøen ligge te jul hos dåkken også, me er vel ikkje i tvil om at det blir kvit jul her i gårde, i allefall :-)


    Tone,
    Må tru eg tenkte på deg når eg stod ute på altanen og sko ha na te å spy.. Mandag blir det kjøpt inn brekkmiddel, det er ganske sikkert!

    SvarSlett
  4. Kjekt å ha... du må ha resept eller ivertfall måtte ein veterinær ringa te apoteket når eg skolle ha det ;-)

    SvarSlett