søndag, februar 20, 2011

Emil og hinder

Internettet vårt fant ut at det var særdeles lurt å ta seg ferie før helga, så me har vore utan nett i fleire dagar nå.  Dermed blei me motiverte for å gå ut og trene på ting me ikkje kan.

Vetle har jo alleiere laga vippa til oss, og nå i helga har han jammen fått til å lage to flotte hinderhopp også! Vippa gjekk jo så greit, så då håpa eg at hinder ville gå endå greiare. Emil ELSKAR jo å hoppe og springe og fly, og når han veit at han enten får ein godbit i lufta eller ein sprettande tennisball som belønning, ja då er han nærmast villig til å gjera kva som helst!  For å varme opp litt, dreiv me litt tennisballbytte bortover innkjørsla, og då han var god og pest etter det, kunne me starte å hoppe.

Høgdene eg kan bruke er 25 cm, 40 cm og 60 cm. I rally skal små hundar hoppe over 25, og store hundar skal hoppe over 40, nemlig. For det er i hovedsak til rally eg har bestilt desse to hindera. Det hjelper jo at eg ein gong har lyst å gå agilitykurs med han også, dah :-)

I starten hadde eg berre hinderet på det lågaste, og han spratt over som ingenting. Att og fram og att og fram, og sjølv når eg trudde eg hadde gjort det klart for han at det var på tide med pause, sjølv DÅ søkte han hinderet for å hoppe. Ayla var også med, og visste veldig godt kva ho skulle gjera med det derre hindergreiene, ja :-)

 P200211_14.260001

 

Før me gjekk inn, kom me så langt at han kunne sitje i ro på eine sida, få klarsignal frå meg, og hoppe over hinderet utan at eg stod ved sida av det. Han ser jo vitterleg ut som om han er født til å hoppe! :-)

Emil hinder

Det neste byggeprosjektet til Vetle er lengdehopp, og det blir også spennande å forsøke oss på :-)

2 kommentarer:

  1. WOW.. FOR et svev!!
    Det der var jammen meg stilig :D

    SvarSlett
  2. Han hopper bare over 40 cm akkurat på det bildet, men på snutten eg har ute på FB, der er det 60 cm.

    Då eg leita etter bilder av jaktlabradorar før eg fekk Emil, syns eg nesten halvparten av alle bildene var liknande dette. Hundar i svevet over gjerder eller hinder.. Så han har det i seg, han Emilen min også :-)

    SvarSlett