tirsdag, april 10, 2007

Kveldstankar



Eg sit i sofaen og kjenner noko varmt legge seg oppå foten min. Det er hovudet til Ayla. Ho kjem ikkje nært nok i kveld. Nokre kveldar vil ho mest som krypa inni meg og bare kose og kneke og vera. I kveld er ein slik kveld.





I kveld fraus eg slik på akkurat den foten, og så kom ho og la seg oppå den. Godjenta mi...









www.etologi.no skriver Randi Helene Tillung om det å sørge over kjæledyr.



Det er over fire år sidan eg følgde Tinka til hennar siste veterinærbesøk, og det gjer vondt endå. Ein dag om ikkje lenge blir det Joey sin tur. Om forhåpentligvis mange år blir det Ayla sin tur. Men den dagen eg må ta den tunge turen saman med Joey, den dagen kvir eg meg slik for at eg ikkje er sikker på om eg klarer det. Han blir merkbart eldre fort no. Han ser dårlegare og høyrer ikkje alt lenger. Eller han har selektiv hørsel. Eg har ikkje heilt bestemt meg endå. Han kan ikkje vera med på litt lenger turar, for då blir han utmatta og trøytt og orker ikkje eingong å ete på eit par dagar. Han klarer fint to-tre km, men ikkje lengre enn det, og ikkje kvar dag.



Han kom inn i livet mitt i 1996, året etter det som i beste fall kan seiast å vera mitt livs verste år, og har vore med gjennom tjukt og tynt i alle år. Eg har aldri kunne slappe av 100% når eg har hatt han med meg rundtomkring, men eg har aldri kjent meg tryggare enn når han var der. Han har tatt i mot tårene mine mange gonger. Lattertårer også. Som den gongen han kom ut av kjøkenet og sette seg i korga med eit blikk som kunne smelta is. Han bare sat der og kikka i lufta, til eg til slutt merka at han hadde noko i munnen. "Ka du har?" spurte eg, og så spytta han ut ei halv pølse han hadde funne i søpla! Han har verdens skjønnaste blikk av og til, og eg klarte ikkje å ta frå han den biten... Han fekk ein god rusk i pelsen (ein sånn "godgutten-te-mor-rusk) og så sa eg Værsågod. Først då åt han den. :-)



Eg har mange minner om han. Og det gjer vondt langt inn i sjela at eg ein dag ikkje skal hugse korleis han luktar lenger. Dei siste dagane til Tinka gjekk eg og snuuuuste og snuuuste i pelsen hennar for å legge meg det på minnet, men det er borte no. Det er så vondt å tenke på at eg ein gong skal gløyme korleis Joey lukter.



I diktet "Avskjed" skriv Inger Hagerup om ein mann som bryt opp med kjærasten sin og prøver å trøyste henne med at ho snart kjem til å gløyme han når berre hausten kjem. Ho svarer at det er nettopp det som gjer henne så trist, det at ho kjem til å gløyme det som er han.

Er det då betre å aldri ha kjent eit varmt hundehovud på foten? Eller lagt nasen i halsgropa til hunden sin og kjent den varme gode lukta som gjer så godt i sjela?







Vi holder livet -

Vi holder livet i en knyttet hånd.
Vårt hjerte må bestandig ha det sånn.


Det tåler gjerne spott og overlast
når bare det får holde noe fast.


En mann, et barn, en drøm skal være vår
og evigheten måles ut i år.


For i vår gåtefulle blinde angst
blir alle ting erobring eller fangst.


Vi bærer skrekken med oss natt og dag,
den bleke skrekk for hjertets nederlag.


***Inger Hagerup***


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar