torsdag, april 05, 2007

Statusrapport.

Me kom heim frå Aberdeen på tirsdag ettermiddag, og me kjørte rett til kennelen for å hente Ayla ut. Mandagen sendte eg melding til dei og lurte på koss det gjekk. Fekk svar at ho og hannhunden ho stod med nettopp hadde vore ute og lufta seg og at dei var blitt bestevenner. Det gjorde godt å høyre!

Tirsdag ettermiddag kom me som sagt rett frå flyet til kennelen. Me sneik oss fram til båsen der ho og estrellaen stod, og dei såg riktig så komfortable ut med kvarandre.

Han slapp Ayla inn, og då stod eg inne i båsen. Då ho kom inn, kjende ho meg ikkje att med ein gong, og viste ingen reaksjon i det heile. Ho tok to-tre sniff av kleda mine (som alle var nye frå Aberdeen), og så begynte ho å kvine og var ekstatisk! Stakkar, ho visste ikkje kor ho skulle gjer av seg! Ho gløymte heilt ut å sette seg før helsing, men så var det akkurat som om alt kom tilbake, og ho forsøkte så godt ho kunne å sitte mens ho kvein og logra og ville slikke handa mi.

Då eg skulle gå, spurte eg om agilitybanen deira, og kven som kan komme og bruke den og kva det eventuelt ville koste. Då seier han at det er gratis for kven som helst, og i tillegg kan ein bruke grasplenen som er inngjerda, så lenge det er etter klokka fem. Fram til då blir området brukt av han sjølv og dei hundane som eventuelt er på kennelen til ei kvar tid. Det einaste som mangla av hinder var mønet og bommen. Resten var på plass.

Eg trur jammen meg eg har lyst til å prøve meg! Sånn for løye, liksom! :-) Slalåm ser jo ut til å vær litt av ein utfordring...

Joey hadde som vanlig hatt det heilt topp hos husvertane, og gjensynsgleden mellom han og Ayla var særdeles stor! Joey og husverten hadde vore ute stort sett heile dagane, og Joey hadde rusla rundt her laus. Eit par gonger hadde han sett hundar enten på Tunet eller over jordet her, og hadde kun lagd litt lyd som kunne indikere på at han ville bort for å helse (husverten sine ord), men ingen teikn til å ville bort for å krangle.

Me gjekk ein lang tur på lørdag for å slite ut begge hundane, men for Joey var den nok i lengste laget. Han åt ikkje mat før på mondagen etterpå. Me får korte ned turane for ettertida når Joey er med.

Slike erkjennelsar gjer litt vondt. Han skal jo vera med når me kjøper småbruk i Danmark... (felles draumefantasi til Vetle og meg, og altså ingen konkrete planar). Han skal ikkje bli gamal, og skal alltid vera like sprek som då han var tre år.
Eg kjenner meg velsigna som har fått ha han så lenge. Han har ikkje vore den enklaste hunden å trene, sjølv om han har vore lettlært, men det er han som har lært meg mesteparten av det eg kan om hund. Ayla har lært meg resten. Til nå.

I kveld var me på tur igjen, og den var ikkje for lang. Han koste seg og snuste og har i kveld vore veldig kosete etter me kom tilbake. Skjønne hunden min!!! :-)



Når det gjeld Ayla og virkningar av kennelopphaldet, kan det sjå ut som om det har gått heilt fint. Ho var særdeles klengete resten av tirsdagen, men i går og i dag har ho vore heilt som normalt. Då blir det litt enklare å setja henne der igjen når me skal til Oslo i september.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar