fredag, april 27, 2007

Targettrening med hovudet.

På luftetur i går morges kom eg på at eg skulle begynne å trene target med toppen av hovudet til Ayla. Eg vil at ho skal oppsøke hender sjølv, slik ho gjer med haka. Ho legg haka oppi hender som viser handflata opp, om det så er ungdomsjenter, ungar, vaksne, kven som helst. Difor byrja eg å klikke med ein gong handa mi la seg på hovudet hennar. Til å begynne med slikka ho seg kjapt rundt munnen, og etter tre-fire klikk slutta ho med det. Etter ti klikk lot eg handa ligge i eit halvt sekund før klikket kom. Etter femten klikk (ca) haldt eg handa framføre henne for å sjå kva ho ville gjere. Ho la haka oppå handa mi. :-)
Ingen klikk for det, men eg la handa mi oppå hovudet hennar og ho fekk klikk igjen.

Eg gjentok testen, og tilfeldigvis kom snuten hennar under handa mi, og der kom klikket! Etter det kom ho lenger og lenger under handa mi, til ho til slutt gjekk to-tre steg og kom heilt under til handa låg på hovudet hennar.

På ettermiddagen gjentok eg bragden, og gjekk litt fortare fram. I går kveld lot eg Vetle stå og halde handa ut, og jommen gjekk ikkje Ayla rett undar handa hans også! :-) Gullet mitt!



Så eit spørsmål til dei som måtte lese bloggen min og muligens ha ei meining om følgande:

For å få orden på passeringsproblemet til Ayla, som nå går ut på at nesten alt på fire bein skal bjeffast på når me er på tur (kun på tur, ikkje på trening), er det "lov" å snakke henne forbi hunden? Med tanke på referatet fra Clicker Expo i siste Canis der det stod om Keep Going Signal og at det ikkje er viktig i alle samenhengar å tie heilt stille, kan eg ikkje då gjere alt eg kan for å halde på konsentrasjonen hennar? Altså, når eg ikkje har andre alternativ?

2 kommentarer:

  1. Glimrende idé det med å bruke toppen av hodet til targeting! Kira "dukker seg" nå noen klapper på hodet (typisk for småunger som skal klappe...), så den tror jeg kanskje vi skal herme etter! :-)

    Ang. det med å "snakke" Ayla forbi hunder (o.l.?): Uten å ha lest referatet fra Clicker Expo må jeg tilstå at min mening er at alt er lov så lenge det virker!
    JEG ville ha gjort det jeg kunne, spesielt dersom det medfører annerledes (mer positive) erfaringer for hunden i vanskelige situasjoner. På sikt vil det vel føre til mindre usikkerhet -> lettere å gjennomføre andre treningstiltak <-> mindre bråk.
    Snakkes vel på trening i morgen, tenker jeg! EB

    SvarSlett
  2. Du seier nåke der... Grunnen til at eg stusser er koss Ayla vil oppfatte at eg går og prater med henne. Først må eg liksom få kontakt in the wholetaken, eller sånn...

    Det med target med toppen av håvet, det ser ut til å funke heilt strålande, faktisk! I går skulle eg bare teste for løye å gå bakover mens ho stod under handa mi, og jammen gjekk ho ikkje etter! :-)

    SvarSlett