søndag, april 29, 2007

Trening langs Mosvatnet

Tok med meg Ayla til Mosvatnet i tolvtida i dag. Eg tenkte at "Eg må jo bare gjer det", og ikkje la frykten for Ayla sine reaksjonar halde meg vekke frå slike plasser. Etter i dag kjenner eg at eg har bittelitt lyst til å gi opp. Men eg må tenke at det GÅR seint, og at tilbakefall VIL skje. Men før dette med hundane begynte, kunne me møte opp på utstillingar og vera heilt trygge på at så lenge det ikkje kom folk bort til oss, så ville alt gå greit. Nå kan me liksom ikkje gå nåken plass uten å ha klump i halsen og at eg har auger i nakken og øyrer som høyrer langt betre enn noko menneskeleg skulle vera i stand til. Og eg klarer ikkje for mitt bare liv å sjå eit klart mønster i adferden hennar. Kvar gong eg trur at SLIK er det, eller DET er det ho reagerer på, skjer noko anna og nytt og me må byrja heilt om igjen.

Turen rundt Mosvatnet blei redusert til trening LANGS Mosvatnet. Kva er det eg gjer feil, tru? Argh, altså!!
Ho gjekk og snuste langs kanten av vegen, og mot oss kom ei dame og ei jente. Ayla gjekk og snuste, og kikka såvidt på dei to. Heilt til dei hadde passert. Då hoppa ho opp mot dama, og kom med EITT bjeff. Fanken, altså! Eg sette henne ned i utgangsstilling, og beholdt kontakten ei god stund. Det passerte haugevis med folk like forbi oss akkurat då, men ho sat roleg. Kikka seg bakover ein og annan gong, og eg hadde mest lyst til å synke i jorda. :-(

Me gjekk eit lite stykke vidare, og så snudde me. Ho fekk ikkje gå og snuse, og hadde kort men laust band. Dama og jenta hadde satt seg på ein benk, og eg gjekk bort og unnskyldte for at dei blei skremt og lirte av meg noko om at Ayla skvatt litt og ligg i trening for nettopp dette. Dama var forståelsesfull og fekk sjå at Ayla ikkje bare var monster.

Like etterpå traff me tre hundar på rappen, og ho bjeffa ikkje på nokon av dei. Den eine var ein schæfer som kom ved ein sykkel, så den rakk eg ikkje å gå vekk frå stien for heller. Eg heiv litt godbitar i kanten, og dermed gjekk passeringa greit.

Ein unge kom også bort og ville klappe, og eg gjekk vekk då far hans kom mot oss. Smilte fint og snakka blidt med Ayla og virka sikkert heilt normal.

Det som er så kjipt, er at eg har hatt elleve år med auger i nakken og overnaturleg hørsel. Eg hadde så lyst til å vera ferdig med det no..

Vel vel.. eit lite hjartesukk frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar