torsdag, april 12, 2007

Lurer på...

Lurer på om eg kanskje øydelegg sporinga til Ayla ved å gjer for mykje av overværssøk?

Me har funne ein ny favorittleik, ein som Joey også likar å vera med på, nemlig å kaste Frolicbitar i graset. Ein og ein. Ho søker på ein slik måte at ho heilt klart jobber med overvær, og går på nedsida av vinden og lokaliserer Frolicen på det viset.

Eg har ikkje gått spor med henne etter at me begynte med denne leiken, så eg veit ikkje om eg har rota det litt til...

Lurer på kva i alle dagar Ayla fekk i seg i går på turen? Me gjekk langs sjøen, og då me skulle ta av stien opp til Vistnestunet, forsvant ho borti ein steinhaug. Eg og Joey gjekk vidare, og etter eit par minutter kom ho gallopperande opp til oss. Då stinka ho diesel eller bensin eller olje av kjeften, og eg fekk lettare panikk. Me rusla oss heim, og Vetle fekk lukte. Han kunne kjenne noko svakt, og trudde ikkje det kunne vera frostvæske.

Seinare på kvelden fekk dei mat, og ein time etterpå gjekk eg i dusjen. Då eg kom ut i stova igjen, lukta det verkstad, og på golvet låg ein plaspose med oppkast i. Ayla hadda spydd opp all maten, og det stinka (!) diesel/bensin/olje i heile stova!
Lost skulle akkurat til å begynne då eg ringte veterinærvakta. Ho som svarte trudde det kanskje kunne vera ein oljeskada fugl, og at det ikkje var fare for hverken liv eller helse anna enn litt diare. Eg skulle også gi henne brød, og sørge for at ho hadde nok å drikke.

Etter telefonsamtalen kledde me på oss og tok hundane med ned til sjøen for å prøve å finne ut kva ho hadde fått i seg. Dei var i band denne gongen.
Då me kom ned dit, kjente eg lukta lang veg, og tok mag-liten med meg og gjekk bort der ho hadde stått og snust. Eg kunne ikkje sjå noko oljefat eller bensinfiller, men eit eller anna var klint utover nokre steinar. Og dette ukjente greiene hadde mistenkelige gnagespor av rottweilertenner på overflata. Det såg ut som størkna maling, og lukta heilt forferdelig sterkt.

Vel heime igjen ringte eg dyrlegevakta opp igjen for å fortelje om dei nye oppdagelsane, og ho meinte fortsatt at det ikkje var fare for anna enn diare sidan ho hadde spydd allereie.

Difor sov eg på sofaen i natt, slik at eg kunne sleppe henne ut om ho måtte på do fort. Det måtte ho ikkje, og då ho var på do i dag morges før jobb, var avføringa fast og fin og lukta ikkje av anna enn hundebæsj.
Formen har heile tida vore fin.

Lurer på om fleire enn meg forsøker seg på det eg gjorde i går. Eg fekk mail fra Canis om at klikkerTRENERkurs-elevar 2007 får 20% rabatt om dei melder seg på seminaret med Bob Bailey til hausten. Sendte spørsmål om kva med dei som gjekk i fjor, får dei også rabatt? I dag kom det svar at joda, det gjer me! Juhu!! Då kostar det 1560,- i stadenfor 1950,-! Meir pengar å shoppe for på fredagen, det!

Lurer på korleis Ayla kjem til å reagere på å bli åleinehund.. I løpetida, når ho må sove åleine på rommet sitt, kjem det ikkje så mykje som eit knyst frå henne, så kan hende det vil gå heilt knirkefritt når det ein dag skjer?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar