onsdag, april 18, 2007

Min kjære Joey

Neste mnd har eg hatt Joey i elleve år. Ein tredjedel av livet mitt, og stort sett heile mitt vaksne liv. Det er lenge, det. :-) I sine yngre dagar var han spretten og livlig og veldig lydig. Han har alltid bjeffa på andre hundar, ungar og gamle mannfolk og menn med ansiktshår. Og han har alltid slått seg til ro kor enn me har vore. Aldri vore problem å gå frå han åleine. Då han var ungdom, peip han kvar gong han syns han kunne få litt meir aktivitet. Dersom han syns han hadde venta litt lenge i BLI, kunne han begynne å bjeffe. Dersom ikkje lys bjeffing funka, kunne han prøve mørk bjeffing. Han er den einaste hunden eg veit om som kunne bjeffe på ein slik måte at det ikkje var TVIL om at han var møkklei av å vente. :-)

Han har vore grøn fra topp til tå etter å ha rulla seg i møkk. Og han har med bøygd hovud gått ut til magen i elva og lagt seg ned i det iskalde vatnet på kommando så eg kunne vaske han. Han har høyrt på problemene mine, natt som dag. Han har trøysta meg når kvardagen har vore tung. Han har fått meg ut på tur i regnet og snøen og 17 minusgrader. Gjennom dei siste elleve åra er det han som har vore årsak til dei fleste irritasjonane mine. Men det er også han som har vore årsak til dei største gledene mine.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar