søndag, mai 13, 2007

Fortvila, rådvill, motlaus og lei meg

Måtte sitje på sidelinja og sjå på dei andre i dag. Kneet gjer driiitvondt, og eg klarer ikkje å bøye det. Vetle var med og la og gjekk spor med Ayla, så ho i det minste fekk prøvd seg litt. På slutten av dagen fekk eg tatt litt feltsøk, for då kunne eg berre stå i ro og vente på at ho kom tilbake med gjenstanden. :-)

Og etter at alle hadde gått, sat me igjen med Maj Brit og snakka litt om problemene til Ayla og framgongen frå i haust. Det var nedslåande. Eg har jobba på rette måten, og ho har blitt betre, men i følge henne kan eg ikkje vente å merke stor forbetring frå no av. Det vil seia at eg aldri vil få den hunden eg jobber mot, og at eg må ta eit val ein gong.. Orker eg å ha det slik i eit ukjent antal år? Vil eg klare å jobbe like mykje i alle dei åra som eg har gjort det siste halvanna året? For det er ikkje til å stikke under ein stol at ho krev mykje, og at det er tungt å vera på vakt absolutt heile tida.

Etter det ho hadde observert i løpet av helga, er Ayla redd folk. Ikkje vokting, ikkje dominering, men redsel. Og me snakka om avliving og at det er ein påkjenning å ha ein slik hund om ein er bittelitt hensynsfull. Me snakka om at folk skulle skånas for å bli redd hundar, og eg begynte å grine fleire gonger. Teite, forræderske tårer…

Det var ikkje dei tinga eg ville høyre, sjølv om eg jo likar å kalle meg realist. Eg sa at eg ville jobbe med henne til eg var sikker på at ho var vaksen, og så forholde meg til eit eventuelt valg. Hjarta mitt seier at ho har mange utrulig gode egenskaper, samtidig som ho har eit par svært negative fakter. Eg har aldri visst kva det vil seie å ha ein hund som ein kan møte kven som helst med. Vel.. Tinka var vel slik, men eg hadde som regel Joey med, og då var ikkje den avslappa kjensla der likevel.
Eg har aldri kunne sitja ved ein sti eller veg og slappe av i tilfelle nokon skulle komme bort for å klappe hunden. Og etter mi forståing vil eg heller aldri få det i Ayla.

Eg kjenner eg blir veldig motlaus og trist. Og slik skal då ikkje hundehaldet vera?

2 kommentarer:

  1. Nei, jeg synes ikke avliving er noe du skal tenke på nå. Ayla er ikke en trussel for sine omgivelser, selv om hun sikkert kan oppleves skummel når hun bjeffer på noen. Hadde hun tatt kontakt og bitt noen i disse situasjonene så endres bildet. Det gjør hun ikke, og jeg tror du kan komme videre med den treningen du holder på med (selv om jeg ikke er atferdsekspert!), og du kan også teste ut andre ting (som vi snakket om i går). Hold ut! :) Du har en nydelig, avslappet og veloppdragen rottisfrøken som synes at noen ting er skumle. Ta hensyn til det, og jobb videre som du gjør!

    SvarSlett
  2. Takk for det, Krissi! :-) Det er ord som går rett der de skal... Og det var virkelig koselig å treffe Snuppa og Lara og se Ayla sammen med dem.. Jeg begynte plutselig å skjønne de som nærmeste leter opp folk som har samme rase som dem. :-)

    Og den boken du snakket om er bestilt nå i kveld. :-)

    SvarSlett