fredag, september 28, 2007

Overmot? Eller fornuftig progresjon?

Det har gått så godt i det siste, at eg satte meg som mål å trene med Ayla på ein offentlig plass i løpet av helga. Nå er det tilfeldigvis sånn at det er haustmarknad på Randaberg denne helga, og dermed stapp fullt med folk i sentrum.

Pga kneet hadde eg ikkje lyst å gå opp dit på asfalt, så snille Vetle sa seg frivillig til å gå nesten heilt opp, så kunne eg komme med bilen og bytte. Can I ask for more? :-)

Halvveis gjekk han tom for godbitar, for det kom så mange folk gåande. Den siste dama dei passerte, gjorde Ayla utfall mot. Ikkje med bjeffing, men ho hoppa liksom mot dama. Eg tar det derfor ikkje som nederlag ELLER tilbakefall. Ingen bjeffing er ALLTID bra. :-)

Då eg overtok henne, var det ca 1 km igjen til sentrum. Eg hadde pølser i framlommane og snadderbitar i lommene bak.

Då me nærma oss siste rundkjøring før sentrum, hadde eg puls på ca 140. I rusletempo! Eg huska orda til Kathy Sdao: "Breathe. Relax. Breathe" og prøvde så godt eg kunne å slappe av og puste. Passering nr. 1 var ein gut med ein staff etelleranna, svart liten sak. Eg gjekk på motsatt side av vegen og fekk henne i utgangsstilling. Klikka og pølse til dei var ganske nære, og gjekk så over til snadderbitane. Den andre hunden gjekk nemlig og trakk veldig mot oss, og guten kjefta på den. Ayla sat fint og ga meg god kontakt.

Neste passering var ein mann med bæreposar og ein to-treåring ruslande ved sida av. Fortauet var såpass smalt at eg ikkje tok sjanse på å passere på same sida. Det gjekk sjølvsagt heilt fint.

Så var eg på ein parkeringsplass og her var det brått langt fleire folk, ja. Det kom ein familie gåande, der mannen hadde ein unge på skuldrene og laga boffelydar først, og så gjekk han over til knirkelydar. Eg fekk litt panikk, og ville aldeles ikkje blitt overraska om ho hadde kasta seg mot han og bjeffa. EG hadde lyst til å bjeffe på han...

Men det kom ikkje ein lyd frå henne, ho konsentrerte seg utelukkande om meg.

Neste var utanfor Nille. Tre damer, ein og ein, to ungar i lag, og ein mann bakfra bærande på ei pizzaøskje. Ingen reaksjon. Vidare måtte ho forbi ein mann, ei jente med store pappøskjer i begge hender, og to små gutar. Me tok ein liten pause på ein benk mens eg ringte til Vetle og ba han komme og hente oss. Eg avtalte at han skulle parkere ved Mega. Det betydde at eg måtte gå endå litt lenger, på fortau. Då me runda hjørna på Mega, kom ein gjeng med unge jenter, og dei passerte 2-3 meter frå oss. Eg såg dei ikkje før dei var der, men Ayla takla det gullfint!

Til Vetle kom, vandra me rundt på parkeringsplassen, og det var masse folk der i kveld! Eg var nesten tom for pølser då Vetle endelig kom køyrande. Han parkerte, og eg gjorde tegn til at han skulle passere oss utan å seie noko. Ayla såg MED EIN GONG kven det var, men gjekk ikkje bort før ho fekk spørsmål om å hilse frå meg.


Med andre ord: 100% vellykka økt!

3 kommentarer:

  1. Du er flink til å bare gjøre det!
    Du har forresten fått en oppgave. Sjekk bloggen min;o)

    SvarSlett
  2. Dersom jeg hadde vært utstyrt med halvparten av din guts og pågangsmot, hadde vi sikkert vært i mål med avlæringa av hundeaggresjonen til Heidi for lenge siden.
    Jeg har lært meg passerings-teknikkene, og mestrer dem. Men likevel feiger jeg ut når det kommer til stykket... Ting&tang har tydeligvis satt seg fast i ryggmargen på meg. Jeg VET at det er meg selv jeg må jobbe med for å komme videre med Heidi nå. Det er til STOR inspirasjon å lese om dine gode erfaringer med Ayla, Kari Anne! (heh...la du merke til at jeg skrev navnet ditt riktig?)
    ;-)

    SvarSlett
  3. Kari-Anne, du vet jammen å motivere folk! Takk for en utrolig fin kommentar! :-)

    Det var så rart at du nevnte det med å jobbe med seg selv, for jeg holder på å skrive et innlegg om akkurat det.
    Jeg må bare få si at det er stor inspirasjon å lese din blogg også! Noen ganger føles det veldig ensomt å ha en hund som har slike utfordringer som hundene våre har.

    Og ja, jeg la merke til at du skrev navnet mitt riktig. ;-)

    Har du fremdeles ikke fått mail fra meg?

    SvarSlett