søndag, juni 27, 2010

Ei flott helg med besøk frå Ålgård.

DSC07218
Eg og Lea lager pizza på fredagskvelden.


DSC07221

DSC07227

 

DSC07228Og etter maten må me vaske opp. Lea tørker. :-)

I skrivande stund har eg satt solsenga ut på altanen, og meg sjølv oppå solsenga - halvveis i sola. Eg er nemlig solbrent på øvre halvdel av kroppen pga eg gløymde å smøre meg i går. Sidan me var ute stort sett heile dagen, seier det seg sjølv at ein vinterbleik vestlandskropp måtte svi.

Blikket mitt er festa på skjermen, men i sidesynet ser eg ei florlett gardin som blafrar nydeleg ut altandøra, og Emil som skiftar stilling ved sida av meg. Det er nå nokre timar sidan Olaug, Lea og Thassie reiste, og han har sove sidan då. Berre vakna for å få seg litt mat, og så rett tilbake til svevnen.

Det bles litt i dag, og det er berre deilig. På Vistnes ville eg ikkje ha meint det, men her er det ikkje ute verande om det ikkje er ein liten vind i lufta! Den halvdelen av meg som ligg i sola er glovarm, medan dei tomatraude skuldrene mine er kjølige og behagelige i skuggen. Svalane som har reir under tilbygget gjer akrobatiske kunststykker i lufta like ved her, og det kjem deilig musikk frå høgtalarane inne i stova. Men ikkje så høgt at eg ikkje høyrer fuglesongen frå skogen.

Tankane flyg i lag med svalene, og eg merker at eg er stolt og glad over kor flinke og sosiale både Ayla og Emil er! Det kitlar litt i magen, faktisk, så stolt er eg! Til tross for at Ayla knapt har sett andre hundar enn Emil dei siste månadane pga foten hennar, tok ho altså i mot Thassie med den roen og fornuften ein god vaksen hund skal gjera. Emil er den einaste kvalpen Ayla har truffe, og Thassie den andre. Likevel visste Ayla akkurat kva ho skulle gjera for at Thassie skulle kjenne seg trygg.

Thassie på si side har tydelegvis funne ut at Ayla verkeleg var til å stole på, for i går då me sat ute alle saman, fekk Ayla det for seg at noko var på ferde og måtte varsle. Thassie, som den flinkaste og smartaste kvalpen Thassie kikkar ut under gardina når faren er overEVER, pilte med halen under beina inn i stova, og kikka forsiktig ut under gardina igjen då ho skjønte på Ayla at faren var over. Fascinerande å sjå korleis Thassie høyrde kva knurringa til Ayla betydde.

 

 

 

 

 

 

 

 

    DSC07265   

Emil som har høyrt Ayla rope ULV ULV ei vinternatt før, låg berre i ro under bordet og kikka på opptrinnet :-)
I dag dreiv Ayla og Emil og kjekla om ei leike, og Ayla er ikkje den som gjer slikt i det stille. Då stod Thassie berre og kikka på med høg hale. For ein person som ikkje kjenner Ayla, kunne denne knurringa gjerna høyras like skummel ut som varselsknurringa i går. Men altså ikkje for Thassie :-)

DSC07275

I går på dagen, var me heile gjengen unntatt Ayla og gjekk miljøtreningstur i sentrum av Vennesla. Thassie fekk naturleg nok masse oppmerksomhet, og det eg lærer av desse turane, er at om eg ser nokon med kvalp, blir dei sikkert bare glad for å bli spurt om eg kan få helse på. Det blir jo eg når nokon spør om dei kan få helse på Emil, og eg er nok ganske sikkert ikkje unik i så måte. I går var det faktisk ei lita jente som spurte om ho kunne få helse på Emil fordi ho var litt redd den "ville", og henviste til bittelitle Thassie. Ho var den einaste som helste på Emil i går, ellers ville alle bort til Thassie, forståeleg nok. Jo mindre, desto søtare er dei jo. Emil er ikkje liten lenger: 50 cm framme ved manken, og 53 cm bak. Og heile 21 kg, berre 5 mnd gamal!

DSC07277

Før me køyrde heim, stoppa me innom ei lita sandstrand ved Otra, og fekk vassa litt der. Eg heiv ein liten pinne uti til Emil, og måtte sleppe bandet så han skulle få tak i den. Plutseleg forsvant heile hunden under vatn, og kom opp igjen med bandet sitt :-D Ein dykkarhund, altså!  Då han skjønte at eg hadde med meg godbitar, tilbaud han både sitt og dekk i vatnet! :-)

 DSC07295 DSC07299
Sitt og dekk i elva.

DSC07307
Emil etter å ha dykka i elva etter bandet sitt.

Untitled - 1
Søstrene sisters på tur med dei håpefulle små :-)


Vel heime fekk me oss litt mat før Lea, Emil og eg rusla inn til Fiskelausvatn for å vasse og bade. Det blei berre Emil som bada, men det var lunka vatn for oss pyser å vasse i!
Etter ein liten time kom Vetle og Tove og henta oss.

 

Resten av kvelden koste me oss på altanen, og trakk berre inn for å ete ved det splitter nye spisebordet vårt.

I dag har dagen stort sett gått med til å vakne, stå opp, gi ein blid Emil frokost, så ei blid Lea, før ei blid Ayla fekk frokost, og så stod dei andre også opp. Deretter har me trent innkalling med Thassie, ete DEILIGE æbleskiver som Olaug laga, og så sagt hadet til dei heimreisande før solsenga altså blei plassert på altanen og her sit eg no.

DSC07335
Æbleskiver med melis og rørte jordbær
på altanen i dag. Dæsken, det var
godt!!


DSC07333
Like før Olaug skulle reise i dag. Alle tre
heilt utslått på kjøkkengolvet



Korkje Olaug eller Tove har vore her sidan me flytta sakene inn i midten av mai. Dette har fått meg til å tenke på kva me har fått gjort her desse snart seks vekene som har gått sidan då. Me har planta blomar i diverse bed, plassert mange av møblene, hengt opp nokre få av bileta, ordna med plenen, planta to trær, tatt litt generell vedlikehald på tomta, hengt opp gardiner, men ikkje så veldig mykje meir. Ting tar visst tid :-) Godt er det at me har allverda med tid på å bestemma oss for kor resten skal stå! :-)

I dag fant eg forresten ut at insektsnoia mi nå har blitt redusert til å lukke munnen når noko svært flyg utan kontroll i nærheten av meg. Tidlegare ville eg har sprunge vekk og nesten ikkje kome tilbake :-)   

3 kommentarer:

  1. For et langt og koselig innlegg.. Og mange koselige og kjekke bilder.

    Me har iallefall storkost oss masse, og sjå på det slik, det er først denne helga på leeeeeeenge, at Lea har sove rundt slik hu gjorde nå hjå dåkke.. =)

    SvarSlett
  2. Virkelig et koselig innlegg - i det kunstneriske hjørnet igjen -betyr at du har fått mer overskudd igjen;)Herlige små og store hunder og Lea ser ut og høres ut som et lite sjarmtroll :D

    SvarSlett
  3. Ja, når Lea er i nærheten kjem alltid overskuddet trillande :-) Ho er like blid som dagen er lang, har så mange fine betraktningar av omgivelsane ho til ei kvar tid befinner seg i.

    Nå er eg spent på koss det har gått med Cora.. Har tenkt masse på henne :-)

    SvarSlett