lørdag, august 28, 2010

Emil sin første langtur.

I dag skulle me egentlig vore i konfirmasjon, men pga at Vetle fekk migreneanfall i går og ikkje har blitt betre i dag, måtte me avlyse. Derfor tok eg med meg Emil innover grusvegen med mål om å gå til endes og tilbake igjen. Ca 4,5 km. Ikkje kjempekjempelangt, men likevel eit stykke. Me brukte to timar på heile turen, og Legolas var med oss også. For dei som ikkje veit kven Legolas er, så er altså det katten vår.. Eller Joey sin katt. Etter at Tinka døydde i mars 2003, sørga Joey slik at han ikkje ville ete eller bli med på tur. Han holdt rett og slett på å sørge seg ihjel. Då Olaug tilfeldigvis hadde kattungar på den tida, blei Vetle og eg enige om at me skulle få oss katt som selskap til Joey.

Kort tid etter at Legolas kom i hus 12 veker gamal (som er den heilt perfekte rette alderen for kattungar å forlate mor si), kvikna Joey til igjen og ville vera med på tur og apetitten auka. Legolas er derfor godt vant til hund, sjølv rampeskjønnasar som Emil.


Turen i dag blei nok litt i lengste laget for Legolas, for etter at me hadde kvilt oss litt i enden av vegen, sakka han veldig etter. Han peste og mjaua sårt. Dei gongene eg stoppa opp for å vente på han, la han seg rett ned på vegen då han nådde meg att.

Emil lot Legolas få gå i fred, og hadde det altfor travelt med å springe. Han sprang att og fram, att og fram, og heldt seg stort sett 10-20 meter framføre meg. 5-10 meter bak meg igjen kom altså Legolas, stakkars. Eg måtte bære han av og til, og då sat han berre roleg i armane mine til han hadde fått kjølt seg ned/kvilt seg litt.
Å gå tur med Emil er ikkje det same som å gå tur med Ayla. Det var merkeleg å kjenne på. Med Ayla kjennes det veldig som at det er ME som går på tur SAMAN, mens med Emil kjendes det ut som om det var HAN som hadde med MEG på tur. Han skulle ikkje uti kvar bekk eller sølepytt eller gjørmehol, og det likte eg. :-)

Eg tok nokre bilete med mobilen, så det er ikkje så veldig god kvalitet, men bilder er jo kjekt likevel :-)

280820101136 
Denne veksten må jo føle seg bittelitt omringa...

280820101126
Tydelige elgespor midt på vegen! Og dei har ikkje vore der tidlegare i sommar, heller.



280820101127
Legolas på veg ned til Fiskelausvatn. Han er ikkje heilt sikker på om han skal følge med vidare, eller om det er mogleg å bli att og vente på oss. Men det er jo ikkje sikkert at me skal attende den vegen, tenker Legolas.

280820101128
Emil måtte nedi to av seks bekkar, men bare for å drikke :-)

280820101129
Enden av vegen, så her snudde me og gjekk same vegen tilbake.

280820101130 
Me stansa her i enden ei lita stund, lenge nok til at Legolas fekk kvilt seg litt, og Emil fekk roa seg ved føtene mine.

280820101131
Legolas i lyngen.

280820101135
Nok ein pust i bakken for Legolas. Her i skuggen.

270820101121
Dette biletet er ikkje frå i dag, men frå fredag. Det regna og sola skein samtidig, og blinka så nydeleg i tjernet.. Sukk...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar