lørdag, august 21, 2010

Mindre hopping, meir flått, og mindre knepping fra hoftene.

Jepp, det er siste veka i korte trekk.

 

Mandag var me ein tur til Gry Løberg og snakka om hoppinga til Emil. Gry var ein av lærarane på instruktørutdanninga mi, så det var koselig å treffe henne att. Vetle har hatt ferie denne veka, så han var også med ned. Emil hopper nemlig ikkje når Vetle held i bandet.

Etter timen var over, var eg full av nytt håp om at dette skal ordna seg, og Gry trudde også at ein del av hoppinga var lært inn av meg. Om det er endra haldning frå meg, eller om det er tilfeldig, det veit eg ikkje, men Emil har ikkje hoppa på meg når me har vore ute og gått etter at me var og snakka med Gry. Sidan då har eg gått ein liten tur med han nede i sentrum, og så har Vetle og eg gått med han ein annan stad i sentrum, og i dag var han med meg og gjekk langs eit roleg fortau i et bustadområde nede i Vennesla og ingen hopping nokon av desse gongene :-)

Me fekk råd og tips til korleis me skulle takle hoppinga, og også ein type diett me skulle ha han til å gå på ein periode. Det er ikkje nokon diett i staden for maten hans, men i tillegg til maten hans. Den heiter tryptofandietten, og skal resultere i at han har eit jevnare serotoninnivå på det jamne. Dette skal påvirke svevn, uro og apetitt, og alt dette treng jo Emil å få roa ned litt.

I dag har me vore ein tur på ein tursti nede i Vennesla, og planen var å gå ei stund der. Men etter kun kort tid plukka eg så mange flått av Emil at eg starta å noie, og då snudde me. Då me var nede ved bilane igjen, hadde eg pitla ca 20 flått av han, TAKK OG LOV at han er så lys i pelsen! :-) Sidan turen blei i kortaste laget, gjekk med bort til ein sitjeplass ved elva og lot han svømme litt der.

Når det gjelder bjeffinga fra onsdag, har eg fått GODE råd til koss eg skal jobbe vidare, så dette blir så bra, så! :-)

 DSC08242
DSC08248
DSC08249
DSC08270
DSC08311
DSC08387
DSC08321
DSC08341
DSC08356

2 kommentarer: