onsdag, september 22, 2010

Prosjekt Brumlebasse, knepping, og pubertet.

Ja, det føregår mykje i det litle gule svenske hovudet for tida. Han er svært interessert i flekker der Ayla har tissa, sjølv om ho er sterilisert. Han går mykje etter bakenden hennar når ho ligg og kviler, og det skal jo sjølvsagt ikkje Ayla ha noko av! Dermed blir det mykje brøling og volum om dagen. Han gir blanke i det ho forsøker å formidle, og forsøker seg to sekunder etter at ho har sagt klart og tydeleg frå.

Vidare jobber me med Prosjekt Brumlebasse, og var i går nede på hundeklubben og trente i periferiet medan lydighetskurset jobba med sine ting. Han var rimeleg hard i munnen og ganske så høg på stress i starten før han fekk roa seg nok til å kunne jobbe konsentrert. Me trente litt FVF der han gjekk altfor langt bak med godbitar som belønning, og PERFEKT med leik som belønning. Han svevde omtrent ved sida av meg då! Og då eg tok venstre heilomvending, var han i perfekt posisjon heile svingen! Til og med betre enn Ayla, og ho har (etter mi meining) ein NYDELEG venstre heilomvending!

Problemet under innkomst og slike vendingar er kneppinga i hofta. Det har ikkje gått vekk, og er nok tvert i mot høgare i lyd nå enn før. Eg syns det er forferdeleg ekkelt å høyre denne lyden, og undrar meg litt over at han ikkje har vondt. Innkomsten er uferdig, men teiknar til å bli bra. Nokre gonger setter han seg for langt bak meg, andre gonger på skeiva nesten foran meg, men stort sett svinger han svansen rett inn på plass og setter seg.

Setter seg gjer han også når me går FVF og eg stansar. Vel å merke; om eg stansar seint nok.
Vidare er han fint med meg i vanlege heilomvendingar, og han kan bli i posisjon SITT i nesten eit halvt minutt. Då bruker eg avstandsbelønning og sender han til den når tida er omme. Eg må hugse å gå tilbake til han av og til også.

Heil til slutt på kvelden i går fekk eg lov til å vera med å trene passeringar i lag med kurset. Det gjekk greit så lenge dei andre hundane var lenger vekke enn fire meter. Når det blei kortare avstand enn det, kom mister Brumlebasse fram, utan at det blei noko meir enn kortvarig brumling. Me skal nok få til dette her! Det har eg bestemt! :-)






Til slutt ein liten notis om at eg vurderer å melde meg på rallycupen til Ghita dei to siste gongene, men eg er aldeles ikkje sikker på det, og eit av kriteria mine er at eg skal gjer det om eg ikkje har jobb dei neste vekene. Engasjementet mitt går nemlig ut neste fredag, og eg har ikkje noko å gå til. Endå. Difor tenkte eg at det kan vera greit å ha noko å jobbe mot. Dessutan er Emil akkurat ni mnd den dagen neste cupkveld er. :-)

9 kommentarer:

  1. Du skal sjå at det går seg til med pubertetsluset etterkvart:)

    Og eg ser kva du kviskrer og syns det er ein god ide:)

    SvarSlett
  2. Ja, me får satse på at det går seg til.. Eg veit jo at det går over til slutt ;-)
    Spørsmålet er berre NÅR?

    Ideen er god nok, den, så sant eg ikkje får meg jobb innan den tid. Då rekk eg ikkje opp dit til kvelden etter jobb, så me får sjå :-) Me er ikkje på langt nær klare, men det er nesten ein heil månad til, så der er jo håp :-)

    SvarSlett
  3. Pubertet er ikke å spøke med hverken for eier eller hund - stakkar -ikke lett å orientere seg i alle de spennende luktene!

    Håper jo at du får jobb, men samtidig ikke, for da får jeg sett Emil in action. Rekker akkurat hjem til 18.10 :) Jeg tenkte det samme som deg etter mandagen - 1. gangen må målet være å ikke diske - selv om det kanskje holder hardt for oss ihvertfall :)

    SvarSlett
  4. Håper heller ikkje eg får jobb, for det hadde ikkje gjort nåke å gå ledig littegranne ;-)

    Og det kan holde hardt for oss også å ikkje diske, for han kan f.eks ikkje legge seg på hverken hånd- eller ordsignal endå.

    Men eg har bestemt meg for at nåken må jo drite seg ut, og det kan like godt vær meg og Emil ;-)

    SvarSlett
  5. Hahaha.. morro at du skriver nettopp dette
    "Håper heller ikkje eg får jobb, for det hadde ikkje gjort nåke å gå ledig littegranne"
    Hadde nemlig en diskusjon på jobb her om dagen der jeg hardnakket påsto jeg IKKE trenger jobb for å ikke "kjede meg" eller oppnå selvrealisering. Jeg har jo en MANISK hundeinteresse, og hadde jeg hatt HELE dager å bruke på denne kunne den blitt virkelig sykelig ;) Hadde IKKE fått problemer med å fylle tiden!!

    Ellers har jeg lagt merke til at også Ember knekker og knepper i kroppen om dagen. Det er ikke noe jeg kan fremprovosere v feks utgangsstillinger, men kommer sporadisk og plutselig.
    Tenkte jeg skulle ta en tur til Kristin Halle med han. Har en venninde som var med i et prosjekt med et valpekull, der Kristin fulgte valpene helt til de ble 1år. Hun fant ut at alle valpene hadde "mye forskjellig" (låsninger etc) akkurat i 6-7mnd alder. Sikkert pga ujevn vekst og det faktum at de er blitt større og kan belaste seg selv mer med mange rare krumspring. Tenkte det ikke ville skade Ember å få en liten sjekk, få opp noen låsninger etc :)

    Og bare EN ting til: Ember er også HÅPLØS om dagen. Mister fort konsentrasjonen og er VEEELDIG opptatt av å skvette HØYT. ;)
    Disse gutta altså...

    SvarSlett
  6. Hadde me hatt råd, hadde eg sannsynligvis jobba 0%, for eg trives skummelt godt med å bare gå heime. Det er alltid eit eller anna som må bli gjort, f.eks eit kort som skal bli lagd, golv som skal støvsugas, duk som skal sys, bøker som skal lesas, teppe som skal heklas, og ikkje minst; Hundar som skal kosast med og trent med og bli beundra :-)

    Han begynner dessuten å få ein voksnare kropp nå i 8 mnd alder, og det er tydelig at hans voksne kropp kjem til å vær MUSKULØS! :-D

    Når eg neste fredag går ut i arbeidslausa, står eg mykje friare til å eventuelt reise til sånne knekk-opp-folk for hund. :-)

    SvarSlett
  7. Så flinke dere er:).. Og å være uten jobb, hørtes deilig ut:)
    Kos dere videre.

    SvarSlett
  8. Hallo, eg ser den der nederste kommentaren der, sjøl om eg har veldig dårlig syn! Eg har bare ein ting å sei til det: kom kom!! Så skal eg bake kanelkake med sjokolade og kaffi krem til deg :) Oliver savne deg ser du ;)

    SvarSlett
  9. Evy,
    Ja, nåken dagar blir eg ledig uansett, og hvis eg får jobben eg så gjerne vil ha, så blir dei dagane to mnd. Massevis av tid til å trene Emil ;-)

    Carita,
    Det hørtes snadder ut heilt fram til kaffikremen.. Lik'ikkje kaffi, eg vettu ;-)

    Og med mindre eg plutselig snuble over drømmejobben, så komme eg nok opp uansett, sjølv om Emil ikkje er klar ;-)

    SvarSlett