Lørdags morgon reiste eg og Emil opp til Ålgård for å vera med Olaug og Thassie på utstilling idag. Eg hadde dessutan avtalt med John at Emil skulle få bruke Odin som springekamerat littegranne.
Det regna slik på lørdagen, at det ikkje blei bilete, men møtet mellom Odin og Emil gjekk heilt strålande! John tok ut Odin først, og gjekk oppover jordet eit stykke, og då eg tok ut Emil, slapp eg han laus med ein gong, slik at han skulle få ta alt i sitt eige tempo. Men Emil sprang rett opp til Odin og helste skikkelig fint! Eg mistenker at han trudde det var Ayla med ein gong... :-)
Eg tipper dei sprang i lag i kanskje 15-20 minutter, og så var det på tide for meg å køyre til Stavanger for å kjøpe dukar og nye gardiner på Kid. Eg hadde dessutan eit ærend på Ikea, og då klokka var fem var eg attende på Ålgård.
Eg var veldig spent på korleis Emil ville klare seg i møtet med Thassie. Emil er jo ikkje Herr Forsiktig, akkurat, men då han traff Thassie for første gong på to månader, snuste dei såvidt på kvarandre, og så var dei ferdige med det. Han var ikkje brulten eller masete på henne, og ho takla han heilt fint!
Resten av kvelden gjekk med til å førebu søndagens utstillingsplanar, og både Emil og eg slokna rimelig raskt då me la oss.
Søndagen var det altså tid for utstilling for Thassie. Olaug var ikkje det minste nervøs eller stressa, mens eg stressa litt med tanke på tida... Eg har nok litt allergi mot å komme for seint til ting, og syns det er greit å vera på plass idet klokka er der. Me kom ikkje for seint (eg gjer sjeldan det), og entra utstillingsområdet ganske på slaget klokka ti.
Rundt utstillingsringen stod det mange bord med tålmodige pudlar oppå og dei blei stelte etter alle kunstens reglar. Nydelege hundar, med ikkje fullt så snille eigarar. Hundane blei røska i øyrene, kjefta på, kvelt av båndet, og så vidare. Det var eit par hundar som ikkje syns det var kjekt i det heile tatt, og eigarane gjorde ikkje akkurat situasjonen betre for sine firbeinte vener. Slike opplevingar gjer meg heilt nøgd med at eg ikkje driv med utstilling.
Olaug og Thassie gjorde god figur i ringen, og eg svulma av stolthet då dei fekk kritikken sin og gjekk ut or ringen. Dommaren påpeikte at Thassie var godt utvikla for alderen, men at fargekombinasjonen ikkje var lovleg. So what!? :-)
Etter ustillinga var ferdig, lot me Thassie og Emil springe lause litt i lag, og det gjekk kjempefint! Då dei byrja å springe litt vel heftig, passa Emil på at han ikkje tråkka på Thassie, og farten var ikkje låg, det kan eg seie! Men Thassie blei ikkje nervøs eller syns han blei i meste laget, og det syns eg var skikkelig kjekt!
Eg avtalt nok eit møte mellom Odin og Emil i dag. Me skulle eigentleg halde til der me var dagen før, men pga Odin kanskje måtte ut og leite etter folk (Odin er jo ferdig Redningshund, må vite), drog me ned til Sviland for ei aldri så lita springeøkt.
Denne dagen lot eg Emil stå ute mens Odin fekk kome ut or bilen. Ingen bust eller usikkerhet, han ville rett bort med ein gong. Etter det sprang og koste dei seg til John fekk telefon om at det blei leiteaksjon. Personen var blitt vekke i det området me var i, så det var ikkje lange køyreturen for Redningshunden Odin å dra på jobb. Seinare har eg fått vite at den sakna kom til rette av seg sjølv etter kort tid. Heldigvis!
Høres ut som ei fin fin helg,.. OG synes Thassie var kjekken jeg!
SvarSlettHei, hei! Hadde jeg visst at dere var der, hadde jeg også tatt turen innom på søndag. :-) Var litt sugen på å se elite konkurransen. Var der en tur på lørdag, og er helt enig med deg, mye av det jeg ser er temmelig ille. Hadde Kenneth med meg og hans ord var: Perverst. Vi så til og med en dame som sminket hunden sin!!!!!! Jeg var helt i sjokk. Men tittet litt på agilityen også, off, off, mye gæli her også.. Hundene var jo livredde sine egne eiere, som skrek som noen galne når hundene gjorde feil. Så en mann som skikkelig tok tak i hunden sin utenfor banen. Da måtte Kenneth holde meg tilbake for jeg blir så forbannet!! Skremmende at folk ikke klarer å se sammenhengen mellom det hundene presterer, og straffen som blir brukt! Hilsen Renate
SvarSlettEvy,
SvarSlettJa, hu er skikkelig fin!!
Renate,
Eg var ikkje på Orre. Puddelutstillingen på søndagen var på Ganddal, på Sørbøhallen.
Godt du hadde Kenneth med deg som kunne holde deg igjen, dei er IKKJE snakkande til når dei er så stressa og nervøse at dei tar hundane sine slik mens folk ser på... ;-)
Det er nok helt sant, best å ikke blande seg.. ;-) Trodde du var på Orre jeg ja, visste ikke det var utstilling på ganddal også. Så selv om jeg bor her får jeg ikke sånt med meg! ;-) Renate
SvarSlettSom eg sa te deg på søndagen, så har eg hatt lignandes erfaringer på utstillinger, som har resultert i at eg totalt missta sansen for det. Eg må og få sei tusen takk for dei to kjekke springe-øktene Odin fekk i helgå. Han trengte verkelig etpar sånne "bare-kose-økter", å veldig kjekt at han å Emil jekk så godt i lag. Trur og at oppvarmingå på søndagen gjorde godt for Odin, for eg har skjelden sitt han springa å søka så bra på aksjonar. Tydelig at oppvarming av musklar e lika bra for hundar som for folk, med tanke på gangsperr, melkesyra å alle sånne kjekke ting.
SvarSlettOh... å tusen takk for godbitpølsene forresten, eg må bare få betalt deg for di nå, så e alt heilt fint! ;-)
Det er eg som skal takke, John, for at du og Odin tok dåkken tid midt i matlaging og aksjonsførebuing :-)
SvarSlettPengene for godbitpølsene kan du gi til Olaug, for eg skulder henne penger.. Eller om du føretrekker å setja dei inn på konto, det er opp til deg. Det haster uansett ikkje, men sikkert greit for deg å få det gjort (på seg sjølv kjenner ein andre).
Flott at Emilspringinga hadde positiv effekt! :-)
Og det er sannsynlig at Emil har lyst til å treffe Odin igjen neste gong me reiser oppover til Ålgård :-)
Me får heller krangla om kem så ska takka neste gong du og Emil komme oppøve for litt hannhund-sosialisering. Eg vett jo at Odin og har minst lika godt av det som det Emil har! ;-)
SvarSlettJa dette virket som litt av en hektisk helg!
SvarSlettHyggelig at du har så fine hunder å sosialisere med, hadde vi bodd nærmere skulle vi gått tur med Emil og Maximus også. Han bryr seg ikke døyten om valper, men er snill og tolmodig om de bryr seg om han ;)
Og du: for et FANTASTISk flott bilde av Emil når han sitter foran datteren din, men lille Thassie ved sin side. Så muskuløs!! Wow! :)
Man må benytte de mulighetene man har, så siden Odin bor 20 mil unna, blir det ikke så ofte vi kan gjøre slikt.
SvarSlettTror faktisk ikke Emil har SETT en riesen engang, så han skulle absolutt gått tur med Maximus, ja :-)
Og det er ikke datteren min som står med Emil på det bildet, det er min eldste niese :-) Men syns du han så muskuløs ut, altså? :-) *smelt*