torsdag, september 09, 2010

Kurskveld nummer fem.

Onsdag var det altså kurskveld nummer fem av seks. Det har gått så fort, og me har lært så utrulig mykje!
Denne kvelden stod starten av innlæring av ruta på tapetet, og litt meir burtrening, stå under marsj, og sette signal på det å gå inn i buret.

Ruta-treninga gjekk vel greit... eg rota litt med når belønning skulle komme, og kva han skulle gjere for å få belønninga, og likevel klarte Emil å ha progresjon i treninga! Det hjalp VELDIG å ha Hilde på sidelinja som skrøyta og kom med veiledning. Uvurderlig faktor om ein skal lukkas! Det hjelpe så veldig å IKKJE trene på eigahand!

Heilt på slutten brumla Emil på ei lita jente som stod like ved sida av oss. Ho hadde rusla rundt på plassen gjennom heile kurset, men brått var ho altså skummel. Eg greide ikkje å forutsjå det, så då han laga lyd, trakk eg han vekk derfrå, og etterpå gjekk me bort til jenta i lag og helste på henne. Han sa hei på sin sedvanlige måte, og så var ikkje ho skummel lenger.
Men han brumla på to av hundane som kom då kurset vårt var nesten over. Etter vårt kurs starter nemlig eit anna som Siv held, og dei som kjem til det kurset, har absolutt INGEN omtanke for oss som framleis står midt i treninga. Dei tek ut hundane sine or bilane sine, og står gjerne der og ser på og lar hunden stå heile bandlengda og henge i bandet sånn at me (les; eg) som har ein Brumlebasse får ein kjip slutt på ein ellers kjekk kurskveld.

Før kurset oppdaga eg ein veldig kjekk ting. Eg stod og snakka med Hilde då eg skulle ha Emil ut or bilen. Han hoppa opp og beit i bandet slik han pleier, så eg slapp det berre. Då sette han seg ned, og sat slik med tung rumpe og roleg uttrykk. Kvar gong eg rørte i bandet, beit han i det og hoppa litt. Når eg slapp det, sette han seg ned og inntok roleg-Emil-på-trening looken sin. Aha-augneblinken gjaldt altså at bandbitinga nok er innlært atferd, og ikkje nødvendigivs stressrelatert. I visse situasjonar er det nok det, men aldeles ikkje i alle.

1 kommentar:

  1. Det var en super kveld Kari Anne. Jeg gikk hjem og følte kvelden hadde vært skikkelig produktiv. Emil jobbet knallbra og det er helt sant som du sier, dette er ikke stress slik jeg så det på onsdag :)
    Takk for hjelp og støtte på treningen, det gjør det gøyere å trene hund. Ha en fortsatt fin helg :)

    SvarSlett