søndag, september 05, 2010

Jesper, den fantastiske sosialiseringshunden!

I dag har Emil og eg vore så heldige at me har fått stifta bekjentskap med ein fantastisk sosialiseringshund. Vidunderet heiter Jesper, og er ein brun labrador på fem år. Han var så klok og fornuftig, den hunden, at då Emil fekk auge på han og begynte å bjeffe, snudde han bare ryggen til og og lot jyplingen få ta ting i sitt eige tempo. Bjeffinga ga seg raskt, men busten, eller pønken, la seg ikkje før etter Emil fekk helse på Jesper. Deretter var det bare fryd og gammen, og me rusla innover til Fiskelausvatn i lag. Emil delte raust med seg når det gjaldt kunnskaper om dei beste gjørmepyttane, og Jesper var raus i sin tålmodighet med Emil.

Emil var ikkje så usikker eller pågåande eller masete i løpet av turen, så det er nok bare den innleiande helsinga som vekker så store kjensler hjå Emil.

Potesokken Emil går med for tida måtte av etter første gjørmebadet, men han viste ikkje teikn til at det plaga han resten av turen.

Vel tilbake i hagen igjen, fekk dei to karane eit lite godbitsøk på plenen, og spylt av seg den verste gjørma. Emil var jo svart frå skuldrene og ned, mens Jesper såg rein ut. Heilt til me spylte av han litt... :-)

Og kameraet var sjølvsagt med, sjølv om bileta ikkje er dei klaraste eg har teke nokonsinne...

 DSC08502
Emil syns Jesper er fryktelig spennande og eksotisk, brun som han er.


DSC08508
To glade labrador rumper oppover veien.


DSC08513
Eg trur både Emil og Jesper blei litt overraska over at Jesper også tok seg ein svømmetur :-D


DSC08518
Ein fullvaksen og ein 7,5 mnd gammal labrador. Nesten like høge, så det blir spennande å sjå kor Emil endar opp...


DSC08523
I fullt frisprang nedover vegen etter eit gjørmebad.... Det ser ikkje så bratt ut, men det er det faktisk.


DSC08526
Til alle som syns Emil alltid er så kvit og rein... Slik ser han oftast ut på tur. Skitten og lukkeleg!

Og så nokre leikebilete frå plenen (eller det litle som er att av plenen etter oldenborrelarveangrepet)
DSC08530 DSC08532 DSC08534 DSC08539 DSC08541 DSC08547DSC08543

6 kommentarer:

  1. Så flott at Emil fikk hilse på en trygg og voksen labbegutt! Flotte bilda! :)

    SvarSlett
  2. Ja, han var makelaus, altså :-) Me gleder oss allerede til Emil er heilt god i foten sin og turen kan vær endå lenger :-)

    SvarSlett
  3. Så godt at Emil fekk helse på denne kloke karen. Og ikje minst, for ein lekker brunfarge på Jesper.. Wow... Og wow te Emil også, for ein utrulig brunfarge på den lyse hunden.. hahahaha... Sånn kan eg faktisk ikkje huske at Joey nåken gong har sett ut btw....

    SvarSlett
  4. Nei, Joey var aldri brun, men han var grøn fleire gonger etter å ha rulla og velta seg i hevd... Emil lukte i det minste ikkje fullt så ille når han har kost seg i desse hemmelige gjørmepyttane sine... :-)

    SvarSlett
  5. Hei kari Anne :)
    Takk for kjempekoslig kommentar i bloggen min og bra tips. Det skal jeg ta med meg. Så flott at Emil møtte en gutt med et så godt språk. Det er så vikig for en valp/ unghund. Fantastiske bilder av de to sammen på tur og i lek på plenen. Kos dere videre :)
    Klem

    SvarSlett
  6. Hei Hilde!

    Jeg må si at Jesper var så tydelig og flott i språket sitt, at det ikke var det minste vanskelig å lese ham :-) Så snart Emil er helt god i labben sin, så blir det ny tur, det er helt sikkert :-)

    SvarSlett