fredag, august 25, 2006

Gjensynskurs, kveld tre.

Me hadde svært dårleg tid då me omsider kom oss ut dørene heime. Me skulle vera på Bråstein klokka seks, og det var såvidt me rakk å få i oss middagen før me måtte dra.

Eit stykke på vegen fann eg ut at eg hadde gløymt mobilen, og Vetle hadde ikkje med seg sin heller. Difor fekk eg ikkje gitt beskjed til Anne Karin om at eg var forsinka, for eg rekna jo med at ho allereie var der og kunne gi beskjed vidare.

Me kom fram 3 minutter over seks. Irriterande!!!! Eg hatar å kome for seint!!!

Det viste seg at Anne Karin ikkje var komen, og det var heller ikkje ho med Lhasa Apso.

Fem minutter etter at me kom, byrja me å gå. Det blei litt knuffing og bråk mellom nokre av hundane, og eg nytta anledningen til å klikke for kontakt hjå Ayla, og ho reagerte ikkje synleg på bråket som oppstod.

Me gjekk med sele, og båndet var slakt stort sett heile tida. I oppoverbakkane også, dessverre. Då me hadde gått ei lita stund, tok me pause, for det var VELDIG bratt! Ayla sette seg foran meg og såg på meg, og eg klikka for kontakten. Ho tilbaud sitt og ligg og rygging, og masse masse kontakt. Veldig nøgd med det!

Dei siste ti metra før me nådde heilt opp, lot eg Ayla trekke bittelitt i bandet, for eg var gruuuusomt sliten. Det var godt å få litt hjelp, ja..

På toppen hadde me litt ... kva skal eg kalla det... Instruktøren haldt hunden i band medan eigaren gjekk inn mellom trea og venta.

Då alle hundane hadde sprunge etter eigaren to gonger, tok me fatt på nedstiginga. Då gjekk det opp for meg kor fort Ayla lærer. Ho drog som eit UVÆR nedover, og lårmusklane mine fekk verkeleg gjennomgå! Vel nede blei eg heilt gele i beina, ikkje ulikt Bridget Jones då ho går av trimsykkelen i Bridget Jones Dagbok.

Klokka åtte nådde me fram til ein opning i den mørke skogen, og der var der ikkje mindre enn to andre hundar som heitte Ayla!! Bl. a ein liten kvalp av rasen Portugisisk Vannhund. Eg var spent på korleis Ayla ville reagere på den vesle, men ho var superflink! Oppriktig interesse, og glad iver var det eg tolka reaksjonen hennar til.

Me byrja å gå mot bilen, og slapp Ayla laus frå bandet. Ho rusla etter oss, og helste på dei andre hundane ho traff. Ein gong måtte me snu og gå andre vegen, men elles haldt ho seg rundt oss. Både Vetle og eg var stolte av henne, og det var veldig godt å sjå kor roleg ho er rundt andre hundar.

Ho helste også på eit par ungar og ein god del vaksne folk, men ikkje ein gong busta ho.

Halv ni var med ved bilen igjen, og me gjekk inn døra heime klokka kvart over ni. Me måtte jo stoppe og kjøpe is på vegen, må vite! :-)

Neste torsdag er siste kvelden av gjensynskurset, og då ska me grille. Det skal bli kjekt! :-) Eg trur vel gjerne Vetle blir med då også, for det såg ut som om han syns det var ganske så kjekt i går.

I dag reiser med ned til Grimstad på helg tre av trenerkurset, og etter denne helga får me heimeeksamen som skal løysast til siste helga som er 21. og 22 oktober.




Ting å trene meir på, mykje meir
** Gå med slakt bånd i nedoverbakke!! Gjerne bak meg, slik me byrja så fint med på turen rundt Raustein.
** Kommandoen "Gå bak". Begynne å shape inn ein adferd som liknar på den som Joey har inne; med å gå bak meg på trange stiar og ned bratte heng.
** Innkalling. Denne er veldig bra, men ikkje så bra som eg ønsker. Må trene med meir varierte forstyrrelsar.

Luksusting å trene på:
** Når eg sit i ro, kan gjerne ho ligge i ro, og ikkje plent tilby ein haug med adferder så eg ikkje får slappe av eller få igjen pusten etter å ha gått opp gruuuusomt bratte bakkar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar