torsdag, august 17, 2006

Gjensynskurs, kveld to.

Eg hadde avtalt med Anne Karin at ho skulle komme til Vistnes halv fem. Dei hadde vore på Finnøy den veka fram til då, og så skulle ho sitja på med meg til kurset.
Me skulle eigentleg ha litt framandtrening med Stian sidan han likevel køyrde Anne Karin dit, men pga uhell dagen før droppa me det.
Då dei kom køyrande, var eg borte ved parkeringsplassen med begge hundane, og eg bandt Joey i lyktestolpen for å gå og helse på Anne Karin med Ayla. Då AK hadde kome seg ut av bilen, hoppa Ayla rett inn til Stian og syns det var såååå kjekt å helse på!! J Ingen busting eller bjeffing eller noko!! Juhuu!!!

Ayla måtte til dyrlege pga skaden frå onsdag, så eg sendte Vetle dit med henne, og Anne Karin og eg køyrde til kurset.
Denne kvelden skulle me ha litt møtetrening, passering, og innkalling.
Me stod i ein ring, og ein og ein skulle gå rundt til dei andre i ringen for å la hundane helse. Hunden sjølv skulle velje om dei ville helse eller berre gå vidare.
Akkurat då det var min tur, kom Vetle køyrande med Ayla. Ho hadde blitt lyst i auga, og fått sånn væske på som hadde rent ned gjennom nasen, og som nå gjorde at ho såg særdeles rar ut. Ho var grøn på snuten, og auga såg ut som noko frå verdsromet.
Ho helsa greit på dei fleste hundane, men eit par av dei var litt skumle. Pjokken var f.eks ikkje fullt så kjekk som Sita og Balder.. Det virka ikkje som om ho skilna mellom tispe eller hannhund på om dei var kjekke eller ikkje.. Ingen bjeffing eller utagering, og ho viste godt og tydeleg språk.

Ved passeringstrening gjekk ho som ein engel, og eg klikka for kontakt heile vegen.

På innkallinga fekk folk beskjed om å springe vekk og rope namnet til hunden før dei gøymde seg, men det gjorde ikkje eg. Eg sa at eg heller ville gå roleg derifrå, utan å seie noko, og så skulle han berre sleppe henne når eg var i skjul. Ho nølte litt til å begynne med, som om ho ikkje ville trekke i bandet, men då ho skjøna at ho var laus, eksploderte ho i en rask gallopp bort til meg. Eg klikka då eg syns farten var høgast. Eg kunne nemleg sjå henne mellom plankane i leveggen eg gøymde meg bak.
Kvelden var over etter halvannan time. Med haldt til ved Austrått Skule, og der var ungar, eldre folk, ei dame i rullestol, og ingen busting eller bjeffing. Me brukte også ein av dei andre deltakarane til hilsetrening. Ho helste akkurat som ein normal hund, med logrande låg hale og stor interesse for kontakt. Ho sette seg til og med for kos!!

Neste gong skal me gå tur på Bråstein.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar