tirsdag, august 29, 2006

Tredje klikkertrenerhelg. Søndag.

I går hadde eg hatt det særs travelt med å komme meg ut av bilen, tydeligvis, for eg hadde gløymt å sveive att takluka på bilen. Dermed låg videokamera, mp3-spelar, lydighetsboka, pluss diverse fullt tilgjengeleg for tjuveri heile natta.
Bilen fungerer også som takknemlig mottakar av kva enn som måtte ramle ned frå himmelen, deriblant regn i bøtter og spann.
Fritt etter hukommelsen blei følgande melding sendt til Elin ti på ti: "Blir litt forsinka. Må ause bilen først."

Ayla var litt meir ustabil i dag, men nokså fokusert likevel. Bjeffing på ein forbipasserande familie, folk på den inngjerda fotballbanen og eit par ungdomar gjorde at dagen la seg inn i rekka med "teite siste-kursdag dagar".
Skal ha ein siste kursdag på torsdag, og håper at den kan bryte forbannelsen som tydelegvis henger over desse dagane.

MEN!! Me starta dagen med å finne tag-punkter på kvarandre. Dette er ting me skal jobbe med som angår oss sjølve og måten me arbeider med hunden på. Nokre av mine var bl.a å stå stille, berre gi ein godbit om gongen, avbryte når Ayla snuser i bakken, og nokre til som eg ikkje hugsar i farta.

Eg og Tove skulle vera på gruppe, og gi kvarandre perler for vel utført tag-punkter. Det var effektiv trening, og eg trente på dekk den økta.

Etterpå skulle me ha teori inne, om operant og klassisk læring.

Så gjekk me ut igjen og skulle fortsetja med stimuluskontroll, og eg valgte sitt. Det gjekk veldig veldig trått, for ho var ikkje det minste fokusert på meg i det heile!

Vetle kom forresten også opp ein tur! :-) Kjempekoseleg!!

Ja, treninga.

Då den grøne frosken kom fram, blei det fart og driv over treninga, jammen! Det er tydelegvis superforsterkar nummer ein!

Eg måtte få vekk at eine framfoten gjekk i lufta samtidig som ho sette seg, og hadde brukt ein del tid på det. Det eg gjorde då, var å vente med klikket til begge frambeina var i ro. Dette reduserte beinløfta betrakteleg, og eg kunne byrja å setje på kommando.



Eg sa SITT idet ho sette seg. 10-15 gonger.
Så sa eg SITT idet ho var på veg ned 10-15 gonger
Så sa eg SITT akkurat i byrjinga av nedsitten 10-15 gonger
Så sa eg sitt i same sekund som eg såg at rumpa var på veg ned 10-15 gonger
Så sa eg sitt mens ho stod. Og ho sette seg.
Her har eg ikkje antal på kor mange repetisjonar eg tok, men det var mange, for eg kom meg liksom ikkje lenger.

Fekk hjelp av Elin, og råda var:
Sei eit anna ord, og klikk med ein gong etterpå.
Sei nok eit anna ord, og klikk med ein gong etterpå.
Sei SITT og klikk for at ho set seg.
Ikkje sei noko, og klikk for at ho ikkje set seg.
Begynn på nytt igjen, og veksle mellom rekkefølgen. Sei SITT innimellom.
Generaliser.

Og det har me gjort! Først heime hjå svigermor etter kurset var slutt, og så på luftinga ved Kvinesdalsheia, her heime inne, og ute borte ved tunet.

Nå er vel neste steg å gå over til variabel forsterkning?

Me fekk utdelt eksamen som skal vera ferdig på tre veker. Den ser heilt grei ut.

Så ramsa Elin opp alle grunnferdighetene, og eg skjønar jo at me har kome langt. Me har faktisk berre att tre grunnferdigheter, og så er me klar for siste helga!! Dei er: Hold Fast, Hopp over hinder, og Utgangsstilling.

Eg hadde håpa på litt utstillingstrening, men der blei ikkje tid.
Kanskje siste helga?

1 kommentar:

  1. Superbra jobba i helga! Det var så utrolig gøy å se hvor flinke dere har blitt! :o) Treninga på utgangsstilling, hold fast og hopp over hinder fikser du kjempegreit hjemme. Er spent på å følge fremgangen deres. :o)

    SvarSlett