torsdag, august 24, 2006

Ayla har begynt å markere!!

Vetle og eg var på ein nydeleg tur langs sjøen i går kveld med begge hundane. Ayla var flink, ho fauk ikkje på Joey då turen byrja.

Hundane sprang laus eit godt stykke, og kvar gong ho kom innom oss, fekk ho godbit. Joey held seg i nærleiken uansett, og er sjeldent interessert i godbitar den første delen av turen.

Då me hadde gått i ti minutter, tissa Ayla, og eg skrøyta fælt!! Eg tenkte at ho jammen var tissetrengt om ho tissa så langt heimefra!
Ein halvtime seinare tissa ho igjen, etter å ha snust på ein busk. Eg blei litt bekymra då, men sa ingenting. Ti minutter seinare tissa ho igjen!! Då måtte eg jo lufte mi bekymring for Vetle og spørje om han trudde ho kunne ha blærebetennelse eller noko.
Han minna meg på at alle gongene ho hadde tissa hadde ho snust på ein busk først.

Jenta vår er i ferd med å bli vaksen!! Juhuu!!! Kanskje det ikkje vil bli fullt så vanskeleg å få henne til å tisse frå seg når me drar nedover til trenerhelg i morgon?? Det hadde jo vore heilt topp!!

Då me var komne ned til båthus nummer to i går, traff me to jenter på hest. Berre ho eine hadde sal på. Då me hadde passert, sette dei opp i trav før dei gallopperte. Akkurat der nede går stien først i ein ganske vid høgresving, før den går rett over i ein ganske kvass venstresving, og det gjekk som det måtte gå med ho som reid bareback. Ho datt av. Stygt. Eg ga Ayla til Vetle og så gjekk eg bort for å spørje om dei trengte hjelp. Eg tenkte at i verste fall så får eg be Vetle bære ho jenta som datt... Men då eg var komen halvveis over, reiste jenta seg opp og sa ho ikkje trengde hjelp og takka for at eg hadde komen bort.

Det første eg tenkte på idet dei sette opp farten, var at "Her kan eg ri med Sky også, og prøve han i gallopp!", men eg såg jo at det ikkje gjekk så greit med ho jenta... Får ri andre vegen, eg då, for der endar svingen i ein strekning berre.



I kveld er det Gjensynskurs, kveld tre. Me skal gå tur på Bråstein. Og eg har fått med meg Vetle!! Juhuu!!!

1 kommentar:

  1. Det blir sikkert kjempe kjekt på Bråstein ikveld mtp at det e så greit ver også. Får bare håppe på at veret holde seg til kveldinga. =) Lykke til..

    SvarSlett