fredag, august 04, 2006

Blåbærtur

Pakka blåbærplukkar og hundar i bilen og køyrde innover heia. Cirka ei mil innover på ein grusveg fann me det perfekte blåbærfeltet.

Hundane fekk vera med, og dei gjekk lause i skråninga der me var. Joey var den som gjekk lengst vekk frå oss, med ein radius på omtrent ti meter.

Ayla er blitt skikkelig dreven til dette med blåbærplukking, for no har ho skjøna at der ME plukker, der er det mykje bær! Dette gjer det ganske vanskeleg å plukke bær, sjølv med bærplukkar. Ho hiver seg ned i lyngen og nærmast skyflar bæra i seg der busken er frodig. Er det litt mindre bær på busken, napper ho av eitt og eitt.


Etter eit par timar var det på tide å vende snutane heimover mot hytta. Eg spurde Vetle: "Nei, ka seie du, e me ferige her?" Og det skjøna Joey. Han lunta over vegen og ned i skråninga der han la seg paddeflat i graset.

Eg sat og renska bær frå bærplukkaren og lot berre Joey ligge der enn så lenge. Då det verkeleg VAR på tide å dra, ville han ikkje komme. Eg brukte søt stemme, snill stemme, streng stemme, slutt-og-tull-stemme, uten at noko hjalp.
Til slutt måtte eg be Vetle gå ned og hente han (som i stille seg ved sida av han og holde i halsbåndet - for då går han framover i det minste), men Joey ville ikkje røre på seg.
Vetle måtte til slutt bære han opp i ståande før Joey endeleg tusla seg opp til vegen igjen, noko slukøyra. Hønemora Kari Anne blei jo SÅ letta for at det ikkje var noko alvorleg fatt med Joeyguten...

Korkje eg eller Vetle er i tvil: Joey hatar å køyre bil!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar