torsdag, august 31, 2006

Gjensynskurs. Kveld fire.

Siste kveld av gjensynskurset.
I kveld skulle me vera nede ved Strømvig Kolonihage og trene på båndtrening og hilsing på mennesker. Etterpå skulle me ta hundane i bilen og ete pizza og snakke saman.

Vetle var med i dag også, og me var for ein gongs skuld dei første som møtte opp! *sjokk*

Innan klokka var seks, hadde alle dei som skulle koma tatt hundane ut av bilen og me starta med at ein og ein skulle trene bandtrening på ein sti nedover mot sjøen. Me skulle stoppe når hunden drog, og ikkje sei noko eller gjera noko som skulle oppmuntre hunden til å gå fint. Berre bruka klikkeren når bandet var slakt. Medan me stod og venta, kom mannen til ei av deltakarane bort til oss for å helse på Ayla, og eg slapp henne bort. Ho smilte til han, og logra lågt, men ingen teikn til bust eller at det var ubehageleg. Han ga henne godbit etter å ha spurt meg om det var greit (noko det sjølvsagt var).

Då det var Ayla sin tur, rusla me nedover i greit tempo. Ho har vorten svært interessert i andre hundar sine lukter, og ho markerte faktisk også i dag! Det MÅ vera markering, for når me er heime rundt huset, så tisser ho ikkje så ofte som når me er på tur.
Eg måtte stoppe fire-fem gonger, og då det kom joggarar, klikka eg for at ho først såg på dei og så på meg og gjekk inntil sida mi til dei var forbi. Det same gjorde eg med syklistar.

Då alle hadde kome seg ned, gjekk me bort på ein bane og skulle trene kontakt med alle dei andre hundane i nærleiken. Det gjekk veldig fint, så eg gjekk over på å trene kjapp neddekk. Hadde til og med vore på Sparkjøp og kjøpt heilt nye herresokkar som eg kunne bruke som superbelønning. :-)

Dei gongene Trond, instruktøren, kom bort til oss, var Ayla passe fokusert på meg, og det var heilt greit. Eg slapp henne bort for å helse, og ho snuste på han, og kom så rett tilbake til meg. Ingen teikn til stress eller at det var ukult. Kjempebra! For seks mnd sidan ville ho ha bjeffa mot han, og nå logra ho og syns det var veldig stas!

Ein av dei andre "mannane" gjekk og "luska" litt i periferiet, og Ayla laga lyd og busta litt mot han. Eg ba Vetle gå vekk frå meg med henne (negativ forsterkning?) og først då ho var heilt roleg gjekk eg og henta henne igjen. Då gjekk me bort der som han mannen hadde sett seg ned, og trente oss heilt bort til han. Ho sette seg, la seg, rygga litt, gjekk driiiiitfint ved sida av meg, og til slutt var me heilt borte ved han. Eg slapp henne bort, og ho var rett oppi fanget på han! Ho fekk til og med slikka han i andletet! Eg tenkte at han får styre det sjølv, og sa for syns skuld "ikkje slikke i ansiktet, Ayla", men mannen syns det var heilt greit. Så fekk ho godbit, og hadde fått seg ein ny ven, visstnok.

Det er ein av dei tinga som har vore så utruleg kjekt med dette kurset; nemleg at dei som er der er av ulik alder, og har gjerne blitt kvite i håret, til og med. Når ellers får eg trene på alle aldrar??

Det einaste som var synd med heile kurset, var at det ikkje gjekk over fleire kveldar. Etter fire kurskveldar byrjar ein å bli litt kjende, og så skal ein berre skiljast, liksom? Det er jo så kjekke folk, og alle har minst EI felles interesse; hund.

Jaja.. eg har nå meldt meg på sporkurs med May Britt Iden fra Fjellanger og håper å få plass der.

Etter trening i sirkel, trente me bandtrening opp til bilane igjen, og så gjekk me for å ete pizza. Praten gjekk veldig lett, og me lo og hadde det skikkelig løye. :-)

Anne Karin og eg avtalte å trene på søndag klokka tolv. Endelig!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar