mandag, august 21, 2006

Tur med Swejsan

Olaug kom klokka fem for at eg skulle skrive under nokre papirer for henne. Klokka seks gjekk me ut med Swejsan og Ayla og rusla nedover mot sjøen. Me måtte gjennom Vistnestunet, og der går jo gjess, griser, sauen Ane, høns, kattar pluss diverse uidentifiserbart. Ayla var sånn måtelig interessert, berre, men Swejsan, stakkars… Han sleit skikkelig. Olaug prøvde ikkje å klikke eller snakke ein gong, for han var heilt hinsides. Me kom oss nå gjennom på eit vis, og då me hadde gått gjennom siste grinda, slapp me hundane laus. Dei brydde seg ikkje om hestane, men kun om kvarandre. Me måtte til slutt setja foten ned og ta dei i band igjen, for eg var redd Ayla skulle springe seg i hjel.
Ho og Swejsan går veldig godt i lag, og eg trur dei kjem til å få mange mange koselege turar saman i åra som kjem.

Ayla blei tydeleg sliten av all springinga, og ho la seg ned (!?) då me kom ned til sjøen. Veit ikkje om eg skal tenke at det berre er ein klok hund som veit når ho treng å kvile, eller om det er teikn på noko eg ikkje kjem til å like… Tida vil vise.. Ho er i allefall fri for AA, og det er jo noko!!

Då me skulle gå opp igjen, måtte me gå gjennom alle hestane, for Rolf var komen for å mate dei. Ayla brydde seg ikkje om hestane når ho såg Rolf. Då måtte ho berre pile bort for å hilse! Ikkje bust, og ikkje bjeffing!!

1 kommentar:

  1. Ja, me må prøve å få til fleire slike turar ilag, for det va skikkelig koselig. Eg storkoste meg, og det va veldig greit for han å oppleve alt det han gjorde. =) Bråstein høyres alldeles flott ut, me har faktisk endå ikkje gått der, så det blir me med på.. :-)

    SvarSlett