lørdag, november 11, 2006

Bråstein

Sidan me skulle på fest i kveld, tenkte me at me skulle slite Ayla ut på Bråstein i dag.
Ingen bust då me kom ut av bilen, og den første hunden me traff var ein liten schnauzer som var litt frekk. Då stirra ho hardt på han, og rusla berre vidare.

Me traff nokre damer med små små hundar, og den eine dama skulle absolutt HENTE hunden sin. Hunden dreiv og snakka med Ayla og dei snuste og blei kjende. Dama skulle til å hive seg ned ved sida av Ayla for å grabbe tak i hunden sin, då eg (modige meg) ba henne om å ikkje bøye seg ned ved sida av Ayla. Ho sa berre "Ok, greit", og så gjorde ho det ikkje. Verre var det jo ikkje :-)

Me traff Collie, Flat, Labrador, Golden Amstaff, små hundar, blandingshundar, Schæfer og ein rottweilerhann. Sistnevnte viste seg å vera ein eg helste på då han var kvalp for 3,5 år sidan, for eigaren jobba som optikar her på Randaberg, og hadde med seg kvalpen på jobb. Dei koste seg og sprang inn og ut av skogen, og Ayla slikka faktisk han mannen rundt munnen og stilte seg med ryggen til for å bli kost! Og det sjølv om han sette seg ned på huk!!! Juhu!!

Eg ba Vetle gå litt innover i skogen for å sjå om Ayla ville følge han eller bli hos meg, og ho gallopperte til Vetle og blei med han innover i skogen til ho mista meg ut av syne! Det er også framgong, for tidlegare har ho gitt blaffen i Vetle om han går vekk frå oss.

Ayla busta lite på folk i dag, og gjekk bort til så og seie alle! Eg skrøyta, og ho kom bort til meg igjen og fekk godbite. Eg trur at neste gong me er der, så skal eg ikkje sei noko før Ayla sjølv er ferdig med å snuse og helse på folka.

Ho har også byrja med solid sladring nå. Ho får nemlig klikk og godbit kvar gong det kjem nokon rundt neste sving eller bakketopp. Neste skritt er å få henne til å gå fot forbi dei møtande, så kan eg ha henne laus over alt!!

__________________

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar