lørdag, november 18, 2006

Lang tur på kort tid.

Me måtte ned i begravelse i Risør, og lot Joey vera heime hjå husvertane våre sidan han haaaater å kjøre bil. Han fekk med seg teppe som han la seg på med ein gong eg lukka døra bak meg. Me drog på torsdagen klokka fem, og var framme halv elleve.

Ayla var med og me hadde min bil. Då me kom til Grimstad i går, var ikkje mor til Vetle der, for ho var i Risør og organiserte og slikt. Turen ned gjekk heilt fint, og Ayla slapper veldig godt av når me kjører.

I dag stod me opp ganske tidlig, og Ayla har sneke seg opp i senga i natt. Eg sov med andre ord veldig dårlig, for Ayla er ikkje den som lar andre få plass, nei!

Finklærne låg bak i bilen, og då me kom til Risør, kjørte me ein plass der Ayla kunne gå laus. Først trente me litt fingertarget, og så et par utgangsstillingar, før me gjekk ned til nokre flytebrygger som var veldig veldig skumle. Etter eit par klikk kom halen opp og ho begynte til og med å logre! :-)

Me bytta faktisk klær på parkeringsplassen der, men blei ikkje ferska. Det skulle tatt seg ut, forresten...

____________________________

Etter begravelsen og maten var over (Ayla låg i bilen), var det ein som absolutt ville helse på Ayla. Eg hadde dårlig magekjensle for det, men dumme meg klarte ikkje å sei frå at eg ikkje ville. Han har hund sjølv, og er roleg av vesen, så eg kryssa fingrar og håpte det ville gå bra.

Då me kom bort til bilen, var det mange folk der, så eg ba Vetle vente litt med å åpne til henne. Det fekk vera grenser på å håpe på det beste, liksom..
Vetle stod ved bilen ei lita stund og prata med han andre, og hadde døra inn til Ayla på gløtt. Då fekk ho høyra stemmen til han ho ikkje kjente, og på ein måte førebu seg.

Då dei andre folka reiste, tok eg henne ut. Han mannen (Johannes) sette seg ned på huk FØR Ayla kom bort, og då var det bare litt ekkelt. Smile-ekkelt, men ikkje bjeffe-ekkelt. Han prata og klødde og Ayla sette seg til slutt med ryggen til hos han! Trur du det var ei letta Kari Anne som stod der då?? Johannes reiste seg etterkvart opp i ståande, og då bjeffa ho ein gong. Og så ein gong til, og så sette han seg ned og var ikkje skummel lenger.
Han var kanonflink og greip ikkje etter henne når ho gjekk vekk litt, og det trur eg gjorde heile forskjellen! Og det er ikkje berre Ayla som ikkje liker det, for det står om det overalt der det står om hundar som er skeptiske til framande.

Då Ayla skulle helse på mor til Vetle var det REIN gjensynsglede!


_______________________________

Då me kom heim til oss sjølve fredagsnatta, kom husvertane ut i verandadøra og spurte om eg ville komme og hente Joey. Sjølvsagt!!!! Kan tru han var glad!! Gamle gode gutten min!!! *smelt*

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar