søndag, november 05, 2006

Tur rundt Mosvannet og kjip oppdagelse.

Me skulle egentlig ha gått ein tur på Bråstein, men Vetle har vakt og måtte på jobb, så eg og Ayla skulle gå rundt Mosvannet i stadenfor. (Eg har skrive mosVATNET før, men det heter faktisk mosVANNET, sjølv om eg ikkje likar å utelate t'en)

Då me kom dit, var det ingen ledige parkeringsplasser, og eg tenkte at det var overraskande mange ute på tur i drittværet... Eg oppdaga snart grunnen. Stavanger Maraton skulle starte om litt.

Nede på turstien stoppa me opp 15-20 meter frå bølingen, og stod og venta til dei skulle starte. Eg såg at dei hadde ryggen vendt mot oss, og antok at dei skulle springe vekk frå oss.
Ein stemme i høgtalaranlegget sa at det var to minutter til start, så eg stod og trente litt utgangsstilling med passerande folk i mellomtida.

Plutselig sa det PANG, og startpistolen sendte ca hundre maratonmenn avgårde i motsatt retning frå oss, så eg fekk rett der. MEN lyden av pistolen sendte også Ayla avgårde inn i panikkens verden. Eg prøvde først å få henne til å komme til meg som stod ved sida av stien, for nå passerte det mange folk. Eg var redd at ho skulle glefse etter ein av dei, i den sjokktilstanden ho var i. Det nytta ikkje. Eg fekk ikkje kontakt same kva eg prøvde.

Så sette eg meg ned på kne, og då kom ho til meg. Eg lot henne berre stå i fred, og sjølv då det kom ein liten hund forbi, stod ho berre og stirra framfor seg.

Så klappa eg henne på sida av brystkassa og sa "Hei, vennen, ska du vær med?" og så reiste eg meg. Då var det som om ingenting hadde skjedd, og halen kom opp igjen og ho byrja å snuse der den andre hunden hadde gått.
Dette skjedde innan me hadde gått 100 meter av turen på 3 km, så eg hadde ikkje lyst til å snu heller. Ho var heilt normal etterpå, og eg får håpe at neste gong ho høyrer eit skot, at det ikkje blir så ille då. Sannsynligvis vil det bli verre, men ein kan jo håpe?

Etter ein kilometer byrja det å regne kraftig, og hagle litt, og Ayla syns dette var ganske pyton. Eg også. Derfor stod me under nokre trær til det verste hadde gitt seg.
Halvveis ga ho opp å snuse, og gjekk og kikka på meg stort sett resten av turen. Brydde seg ikkje om folk med stavar, eller joggerar eller barnevogner eller gamle folk eller ungar eller noko. Og då me kom til ein av benkene som står langs stien, hoppa ho opp på den og såg svært så nøgd ut etterpå! :-)

Me brukte 1 time og 15 minutter.

På kvelden gjekk Vetle og eg på kino og såg "The Departed", som var heilt vanvittig bra!

2 kommentarer:

  1. Oi!! Så grusomt med det skuddet. Og like gale med uttalelsen mosVANNET!!!!! Koss ska detta enda??? Har du prøvd å sei f.eks Bersagel da? Det e heilt forferdelig. Eg vil jo sei BerSAKEL, men det e jo heilt feil igjen.. Det e ikkje greit å ska prøva å unngå stavanger-s
    "slængen" gitt.

    SvarSlett
  2. Bersagel har eg ikkje problemer med, for me seie jo "å sage" :-)

    Men eg trur ikkje eg ska SEI mosVANNET, bare skrive det. Nei, huff... Vannet... Vannet... Nei, det passer ikkje og høyres heilt feil ut. Men sidan det heiter Mosvannet, og ikkje Mosvatnet (for det ligger jo ein heilt aen plass), så skal eg i det minste skrive det rette navnet.

    SvarSlett