mandag, november 06, 2006

Tid for vaksine.

Så var det tid for den årlige vaksinen. Me hadde time kvart over seks, men måtte vente til kvart på sju. Sånn er det når ein har dagens siste time..

På venterommet sat ein 13 veker gammal jack russel terrier, og Ayla hadde såååå lyst til å helse på den! Så kom ein dvergschnauzer, og den bjeffa ho faktisk på! Eg ba berre Vetle stille seg mellom Ayla og schnauzeren, så stoppa ho... Men det er første gongen ho har bjeffa på ein hund på den måten. Klarte ikkje å tolke bjeffinga, så eg veit ikkje kvifor ho gjorde det.

Før me skulle inn måtte me på vekta, og Ayla er nå 42 kg. Dyrlegen sa ingenting om overvekt, og eg syns ho er grei i figuren nå.
Dyrlegen vår er så fantastisk flink med dempande signaler, og Ayla syns dama er sååå kjekk! Ho set seg ned på golvet med kattemat i hendene, og ser vekk mens Ayla eter av handa hennar. Og mens dette pågår, passer dyrlegen på å få sjekka øyrer, lymfekjertlar og andre ting som skal sjekkas. Då dyrlegen skulle lytte til hjarta, holdt eg handa mi foran Ayla, og så la ho haka i handa mi og stod i ro til me var ferdige. Flinke hunden, altså!

Ayla hoppa forresten oppå bordet sjølv, og stod så fornøyd og venta på kattemat.

Rett før me var ferdige, trødde Ayla feil, og datt nesten av bordet. Då gjekk dyrlegen bort til skåla med kattemat og henta ein god neve som Ayla fekk mens ho framleis stod oppå bordet. Då brukte eg sjansen til å spørja om ikkje dyrlegen berre kunne stå der og halde på med nakken til Ayla mens eg klikka. Ayla syns dette var storveies og enkelt, for eg klikka jo så ofte!

Då sa dyrlegen at ho syns eg er flink med hundane mine (våre), og at ho er imponert over måten me trener på. Kjekt å høyra slikt! :-)

Neste dyrlegebesøk er om to mnd, og då er det den frykta HD røntgen... Tenk om me får oppleve kva det er å ha ein fysisk frisk hund?

___________________

Etter dyrlegebesøket kjørte me til OBS og handla leverpostei på tikronerstilbud. Og der har dei også scampi til femti kroner kiloen denne veka. Løp og kjøp!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar