onsdag, mai 16, 2007

Om å trå utanfor biletet for å sjå heilheita. (langt og tankefullt innlegg)

I går skulle eg treffe Krissi på Sviland for å prate rottweiler.
Foten var aldeles ikkje god, så eg bestemte meg for at eg ikkje skulle gå særlig langt frå bilen. Vel framme viste det seg at eg hadde kommt først. Etter eit par minutter kom Aud, som også trener i NRH Dio 6. Ho kunne fortelje at Krissi var litt forsinka, så me prata litt hund i mellomtida.. Det er rart, ein ser stort sett det ikkje-problemfylte hundehaldet til andre, og trur ein sjølv nesten er åleine med problemene, og så viser det seg at det ikkje er slik. Dei fleste slit med sine ting, og når eg tenker meg om, veit eg ikkje om hundar som er perfekte. Kvifor har eg ikkje tenkt på det før?

Krissi kom, og måtte lufte Snuppa og Lara først. Eg kunne (med bittelittegranne stolthet) fortelje at Ayla ikkje har problem med tisper, så me slapp alle rottweilerane lause saman. Det blei litt busting og brumling og stive føter, og i ein annan situasjon ville eg nok tatt Ayla vekk derifrå. Her var eg bemerkelsesverdig roleg, og såg at ho har godt språk og var fornøyd med at dei andre hundane forstod henne. Ho viste litt usikkerhet, men saman med Snuppa forsvant ho faktisk nærmare 20 meter frå meg, OG ute av syne!! Det har aldri skjedd før, så Ayla koste seg verkeleg! :-)

Mine planar om å halde meg roleg pga kneet blei raskt forkasta for andre, kjekkare ting ( ikkje så veldig smart, merka eg i dag), og ein halvtime seinare var me tilbake ved bilane igjen.

Då eg køyrde derifrå, var eg full av fornya håp og masse tankar svirra i hovudet. Eg har tenkt og tenkt og tenkt i dag også, og her er ein del konklusjonar:

Sidan november i fjor, og fram til slutten av mars i år, har eg vore i fire begravelsar. Ein av dei mor sin, og ein av dei til ein liten baby. Begravelsar i seg sjølv er ille, men når dei kjem så tett på, og tre av dei er uventa, då tærer det på kreftene på uante vis.
Søvn er nærmast eit framandord, og slikt held ikkje i lengda.
Kan hende problemer ser større ut enn dei er når ein har vore ute i hardt vær ei stund, nettopp fordi ein er så sliten. På gode dagar klarer eg alt livet har av utfordringar og gleder, mens på dårlege dagar kjenner eg meg heilt udugeleg.

Krissi spurde meg om eg er følelelsesmenneske, og det måtte eg jo innrømme at eg er. Kan hende litt i meste laget. Bør eg endre på det? Mykje mulig. Vil eg endre på det? Lite truleg. Eg har vore på andre sida, og eg vil ikkje tilbake. For om ein kjenner nederlag på kroppen, kjenner ein også gledene like godt. I alle fall eg.

Eg og Ayla kan like mykje om klikkertrening, på kvar vår måte. Ho lærer meg like mykje som eg lærer henne, og me jobber godt i lag. Det fristar ikkje veldig å begynne heilt på nytt med ny hund endå. Eg har jo ikkje kome i mål når det gjeld nokon ting med henne endå, og det hadde jo vore utruleg kjekt å kunne stille f.eks i Klasse 1 om eit par år. Me har god tid... Tannvisning skal eg alltids klare å desensitivere henne på. Og som både Maj Brit og Krissi påpeikte, så er ho ikkje til fare for nokon. Ho skremmer bare vettet av folk som kjem brått på...

Sånn som f.eks i forgårs ettermiddag, då var naboane ute i hagen med ungar og barnebarn, og det har knapt skjedd etter at Ayla kom i hus. Ho trur nok ho bur her åleine, og alle som beveger seg i området her er inntrengerar. Då ho såg dei, sette ho i å bjeffe mens ho nærmast hoppa framover med strekt hals og låg hale. Ho stansa seks-sju meter frå dei.
Sjølv om eg kjende at ÅE!ALTSÅ, så var eg heilt roleg inni meg. Ropte først ein gong på henne mens ho bjeffa, og då trur eg ikkje ho høyrde meg. Så ropte eg ein gong til når ho ikkje bjeffa, og då snudde ho og kom tilbake til meg. Ho fekk ros og godbit, og så sendte eg henne ut på jordet for å tisse. Busten var vekk, og ho gjekk og tissa som om ingenting var gale.

Ayla ER ikkje vaksen endå. Kor gamal var ikkje Joey før han blei sånn tåleg bra hund? Eg hugser at eg ikkje lenger hadde lyst til å gi han vekk då han var litt over to år...

Ho er verkeleg ikkje til fare.

3 kommentarer:

  1. Det var veldig fint å treffe både deg og Ayla! Og det gikk jo kjempefint med alle tre sammen. :)

    Jeg skjønner du har hatt en tøff tid og dette er sikkert med på å gjøre ting mer komplisert enn det trenger å være. Vi har alle våre "issues" med våre firbeinte, noen mer enn andre. En perfekt hund finnes knapt, like lite som et perfekt menneske. Det hele kommer an på hvordan vi velger å takle det. Avhengig av hva som skjer i livene våre har vi noen ganger mindre overskudd til å håndtere utfordringene. Og alle har vi noen ganger behov for litt hjelp til å se på helheten.

    Jeg tror ikke man kan velge vekk å være et følelsesmenneske, man er den man er. Hvis vi skal prøve å endre slike grunnleggende ting, mener jeg at vi bruker energien vår feil. Da er det mye bedre å akseptere at man er den man er, og heller ta hensyn til det. På samme måte som du må ta hensyn til at Ayla er den hun er. :)

    Ser frem til å møte dere igjen snart!

    SvarSlett
  2. Ayla e nok bare "stor i kjeften" når hu blir redd, at det e så du skrive ingen fare for å bli bitt, og eg ser jo det sama på Tanja, hu og e jysla stor i kjeften når hu blir overrumpla av folk. Me har heldigvis hatt ein god del møter med FLINKE folk som setter seg ned og lar hu få bruka tidå på å komme inn til dei i stedet for at dei skal skremma hu med å gå mot hu.. Me har faktisk til og med vore på Åsen med hu, med alle dessa store hundane og folkå, og det går kjempefint.. =)

    SvarSlett
  3. Krissi,
    Nei, en perfekt hund finnes nok ikke... Men Joey ble plutselig veldig nært en perfekt hund da vårt kjære monster kom i hus. :-)

    Noen ganger hjelper det å høre at ens krav til hunden er i høyeste laget, og at ikke alt er totalt krise. Jeg må nok rett og slett senke kravene og legge lista på et nivå som Ayla kan nå opp til.

    SvarSlett