torsdag, august 12, 2010

Første grunnkurskveld + svar på gjettelek.

I går var det endelig tid for kursstart for Emil og meg. Eg har gleda meg til dette i vekesvis, og første kveld innfridde alt eg hadde håpt på!

Ikkje bare kjenner eg instruktøren, men jammen var det TO andre der som eg kjente litt frå før! :-) Hedvig, som eg gjekk KlikkerTRENERutdanningen og TagTeach kursa med, og Evy, som har kommentert litt her i bloggen, og som eg var og trente saman med ein lørdag for mange år sidan :-) Skikkelig koselig gjensyn!!

På kurset er me seks stykker, fire av dei retrieverar, ei wheaten og ein til terrier som eg ikkje greidde å plassere. Han er liten og kvit og kul i allefall :-)
Alderen på hundane går fra bitteliten kvalp og til unghundalder. Eg veit ikkje kor gammal den litle kvite terrieren er, men det er mulig at han er eldre enn Emil sine snart sju månader.

Kvelden starta med leik, og Emil var som vanleg ikkje vanskeleg å be, men eg kan ikkje leike lenge med han. Han må ha pausar, for han blir VELDIG intens og vill i blikket, og då klarer han ikkje å få med seg NOKO av det eg vil lære han. I går kveld fekk eg verkeleg spark bak til å lære inn slepp signal, for han henger fast i leika, han!!
Vidare trente me på å gå bakover og fokusere på å belønne når hunden faktisk går beint, ikkje berre at den følger etter. Og belønne ved venstre kne. Og at om ein forsøker å gå framover og ser at hunden går skeivt, er det heilt greit å gå tilbake til å gå bakover igjen til hunden går rett og så forsøke å gå framover igjen.

Deretter trente me på buret. Hunden skal oppsøke buret, sitja inni der med snuten innforbi opninga, uansett kva eg gjer på utsida. Omvendt lokking er lurt å prøve, men også å stå stille!! Det er fort gjort å gløyma det. Det som gjorde susen for meg og Emil i går når det gjaldt å oppsøke buret, var at han fekk maten sinn INNI buret, og ei litt kjedeligare oppskåren pølsebit utanfor.
Me trente også på utløysingssignal, og eg starta med "Sånn!", men ser at eg må endre det, for det er eit ord me bruker MYKJE i kvardagen. *går i tenkeboksen*

Så trente me på boksen og bakpartskontroll, og her har eg tydeligvis trent heilt feil, så det begynte å løsne litt for oss. Eg må ikkje bruke veldig gode godbitar når eg trener dette, for han blir veldig ivrig og utålmodig og får dermed mykje bevegelse i både fram- og bakbein.

Vidare trente me på håndtarget, og Emil fekk starta på å fryse snuten i handa mi. Dette brukte eg omvendt lokking på, og han skjønte konseptet.

Heilt til slutt fekk han sitja i buret sitt mens alle dei andre deltakarane gjekk forbi og leverte godbitar til han inni der :-)

Midt i kurset omtrent, kikka han på ei av dei andre deltakarane eller hunden hennar (hverken eg eller Siv skjønte heilt kvifor), og starta og buste og knurre og bjeffe. Eg gjekk vekk frå dei andre, men han greide ikkje å riste det av seg med ein gong. Når han til slutt blei såpass roleg at eg ville prøve meg igjen, gjekk me bort til halvsirkelen igjen og stod der ei lita stund før han byrja igjen. Eg gjekk vekk igjen, og kjente den vonde ekle knusande følelsen av at han er lik Ayla. Og at eg måtte passe meg for at han skal forstå samenhengen om at når me kjedar oss, og han byrjar å knurre eller bjeffe, skjer det noko kjekt. Men verst var altså den vonde klumpen i magen.

Då kurset var over og eg var på veg heim, fant eg ut at eg hadde lyst på ein kopp te hjå svigermor Tove, så Emil fekk vera med opp for første gong. Det var STAS!! For begge to :-)
Me kom heim klokka ti, så det var ein laaaaaaaaang dag for oss begge.

Me har fått lekse på kurset, og eg har allereie starta i dag morges. Måtte jo prøve litt meir på boksen, og ser at Emil gidder å jobbe ganske lenge før han syns det er nok.

Så til slutt, svaret på gjetteleken: Emil er på bildene 1, 3 og 6, men dei er veldig like!! Særleg på bilde 5 syns eg Ember liknar Emil VELDIG!

3 kommentarer:

  1. Kjempekoslig å treffe dere også, og få hilst på Emil, fin fyr det:)

    SvarSlett
  2. Hahahahaha.... så utrolig kult!
    Hadde ikke fått med meg forrige innlegg før NÅ! :)
    Tror jammen meg jeg skal legge deg til i bloggrollen med En gang, sånn at jeg ikke går glipp av morsomheter OG FILM i framtiden! :)

    Og du: Det der m Emil på Kurset.. IKKE noe å bekymre seg for! Tenk bare tilbake, og hvor mye bedre han har blitt på slike "skumle ting"! Detta går seg til med trening og tolmodighet, det er jeg sikker på!

    SvarSlett
  3. Er innom og leser i bloggen din av og til. Må jo følge med på andre jaktlabbiser som klikkertrenes! :D

    SvarSlett