onsdag, august 25, 2010

Kurskveld nr 3 og prosjekt Brumlebasse forts.

Då var tida inne for kurskveld nummer tre.
Det er å underdrive seie at eg var veldig spent på korleis det ville gå med  Prosjekt Brumlebasse denne kvelden, så eg gjorde det eg kunne med førebuingane. Leste gjennom råda eg hadde fått av dei som kan meir enn meg, og stålsette meg i tilfelle nederlag.

To hundar var allerede på plass då me kom, så eg slo dørene i bilen på vidt gap og lot han sitte og kikke litt på dei mens eg bar bort bur og stæsj til der me skulle trene. Det tok kanskje fem minutter før eg var klar til å hente Emil ut or bilburet.
Då han kom ut, var det null bust, fin konsentrasjon og han fekk klikk og fiskekake kvar gong han såg på ein av dei andre hundane.
Eg vågde ikkje å teste i kveld med å vente han ut, men han var rolig og konsentrert heile halvtimen me fekk trent på dette før kurset starta. Under den halvtimen kom jo fleire hundar til, og han fekk klikk og fiskekake kvar gong. Faktisk var det det einaste han fekk i dag, for eg hadde gløymt å ta med alternativ. Jepp EG hadde bare ein sort godbit med... Skammelig...

I løpet av kurskvelden i kveld trente me på innkalling, auke verdien for hunden på å halde seg rundt oss, grep, lineføring med forstyrrelse i form av ein annan hund, avlevering av leike, target, og eg for min del; Brumlebasse.

Eg plar sleppe bandet under trening på kurs, og gjorde det stort sett kvar økt i kveld også. Men på veg bort til buret etter ei økt, var Gimli (kvit liten terriersak) litt for nær, og dermed rusla Emil bort. Eit lite smatt frå meg, så snudde han og kom attende til meg og rusla inn i buret igjen. Ingenting styr med det, liksom :-)

Og så blei eg spurt om eg og Emil ville vise Rally på neste års Hundens dag i Arendal, og det måtte eg jo seie ja til! :-)

4 kommentarer:

  1. Ja, det var skikkelig deilig kveld, men eg veit jo at arbeidet ikkje er over. Tanken slo meg på veg heim at det kunne jo hende det bare var den kvelden som var ekstra ille, eg trur faktisk alle hundane sleit akkurat den kvelden. Og tenkte vidare at det skader ALDRI å jobbe med slikt uansett :-)

    Eg skal iallefall fortsetja å jobbe med det i tillegg til alt det andre, og i dag vil eg prøve på litt sitt og bli mens eg leker med Ayla. Slikt takler nemlig ho særdeles dårlig, altså å sjå på at eg gjer noko med andre hundar, så då må jo Emil bli flink til det ;-)

    SvarSlett
  2. Så kjekt at det går betre:)
    Og konsentrasjon blant andre hunder kan vera ein utfordring! Me starter på lydugheitskurs igjen til veka nettopp av den grunn at ho skal lære seg å "kunne" ting med andre spanande hunder tilstade og:P

    Virker som du gjer ein god jobb med herlige guten som nok har vekse LITT sidan eg såg han sist:P

    SvarSlett
  3. Framgong er deilig, uansett :-) Og det å kunne jobbe med andre undar tilstades er kjempeviktig. Forrige onsdag, då han var sjølvaste Herr Brumlebasse, då kunne han likevel jobbe ganske så konsentrert, men om ein av dei andre kom for nære, då busta han og brumla... Snålingen min, altså. :-)

    Og ja, han har vokst LITT sidan du såg han sist :-)

    Det blir spennande å følge med korleis det går på kurs :-) Du må vera flink med blogginga då, sant?

    SvarSlett