onsdag, september 08, 2010

Hundetrening og kos.

I ånd av innlegget mitt om korleis ein skal få mest mogleg ut av ein kurskveld, kjem altså dette om hundetrening og kos.

Dei siste åra har eg gått mange kurs med eigen hund, og også haldt kurs sjølv. På alle desse kursa er det noko som går igjen. Det er mykje mogleg at dei aller fleste kjenner seg att i følgande scenario:

Eigar og hund står og trener, hunden får til noko, eigar belønner med godbit, og klapper eller klør hunden ein eller annan stad på hovudet mens hunden eter godbiten sin.

Kjenner du deg att? Omtrent alle gjer jo dette her. Kvifor nevner eg dette? Fordi dei aller færraste får med seg det som så skjer:

Ei eller fleire av desse atferdene dukker opp:

* hunden snur og vrir på seg for å komme vekk frå berøringen,
* sleiker seg om munnen,
* må plutselig klø seg,
* må plutselig slikke seg på tissen
* gjesper
* rister seg

Det er fleire ting som dukker opp, men desse seks er dei vanligaste. Fleire gonger når eg har vore deltakar på kurs, har eg observert (under eigne pausar) andre som trener sine hundar, og sett at hunden elsker godbiten, veit kva eigar belønner for, men likevel har dei ikkje den framgongen ein skulle tru dei skulle hatt. Ved nokre anledningar har eg tipsa dei om at dei kanskje skulle la hunden ete godbeten i fred og spare kosen til dei kom heim. Det blir alltid tatt godt i mot, og det blir tydeleg framgong i treninga etterpå. Det er ikkje alltid like enkelt å droppe kosen, for me er jo så stolte av dei små på fire bein, og vil så gjerne vise det ved å kose med dei. :-)

Men kan me ikkje kose med hundane våre?

Jo, kan skjønne det, men kven skal det vera kos for? Meg som eigar, eller for hunden, eller begge to? Eg vil jo helst at når eg koser med hundane mine, at dei også oppfatter det som behagelig, i det minste.

Ayla gjer ikkje det når me er ute blant andre hundar og skal trene. Då er det bare teit når hu mor skal kladde og klø og sånt. Ho godtar det, men syns ikkje det er noko kult.  
Emil er ein sjeldan gong på same måten, men han har ein tendens til å trenge meg for trygghet til tider, og då er kløing og kladding bare greit.

For å gjera det enklare å setja seg inn i korleis den hunden har det, som får godbit og blir kladda på samtidig:
Tenk deg at du og den personen du likar best i heile verda er ute på restaurant. Bordet er dekka med dei lekraste rettar, og stearinlysa lagar ei koselig atmosfære. Restauranten er nesten heilt full, det summar av stemmer rundt dykk, og så kjem tida for å ete.
Med ein gong du har tatt ein matbit, kjem personen på andre sida av bordet og skal kysse deg. Du har munnen full av mat, og der kjem personen for å KYSSE deg!?! På restauranten, blant alle menneska, RETT ETTER at du har tatt ein matbit! Kva skjer, liksom??

Du tenker at den andre sikkert ikkje såg at du nettopp hadde tatt ein matbit, så du tygger ferdig og tar ein ny bit av den fantastiske maten. Så kjem personen IGJEN for å kysse deg mens du har mat i munnen, og brått kjenner du hender oppgjennom håret ditt.. Du har jo stelt deg og styla håret og allslags, jo!
Du trekker deg unna og fnyser irritert.
Ved neste matbit gjentar det heile seg, og du byrjar å ane eit mønster i det som skjer. Igjen trekker du deg vekk og kikker stygt på personen på andre sida av bordet. Maten smakar plutseleg ikkje så godt lenger, men du er jo sulten, så du tar ein fjerde matbit. Ikkje før har du fått maten i munnen, så er personen der og kysser deg.

Du syns ikkje dette passer seg på ein restaurant, og i allefall ikkje når du skal ete. Du er glad i personen, og likar at denne kysser deg, men ikkje her, ikkje no, og ikkje når det er så mykje anna som føregår rundt dykk: Dette fortel du, kanskje ikkje i heilt reine ordelag, men absolutt på ein slik måte at dei ikkje kan misforstå. Du drøyer litt før neste matbit, for du er liksom ikkje heilt klar for eit nytt matbit-i-munnen-kyss heilt endå. Du veit   kva som vil kome, og mens du fører maten til munnen, har du allereie starta å grue deg.

Tar du poenget?

Eg vil ikkje påstå at folk ikkje må kose med hundane sine, men hvis du er av dei som koser med hunden din etter at du har belønna den under trening, og den reagerer med ein av dei seks punktene eg nevnte innleiingsvis, så er det ikkje heilt utenkjeleg at du vil oppleve endring i treninga di om du droppar kosen i akkurat den settinga.

Og berre for å ha det klart, eg snakkar ikkje om kos SOM belønning her.

Nokre hundar syns nemlig det er stas med kos som belønning, andre kan klare seg heilt og fullstendig utan kladding på trening. Men korleis skal ein vite om hunden likar berøring som belønning eller ikkje?
Ein hund som trekker seg vekk frå handa mi, likar ikkje det eg gjer. Så enkelt er det. Emil, for eksempel, kan gjerne gni seg inntil meg med sida av kroppen når han får kos som belønning, og han spretter ikkje vekk i det same eg sluttar kosen. Ayla, derimot, trekker seg vekk eller snur vekk hovudet og slikker seg om munnen. Og med ein gong eg sluttar kosen, plasserer ho seg utanfor rekkevidde eller klar til vidare trening. Det er ikkje fordi ho ikkje likar meg, men ho gidd ikkje å bli kladda på der og då. Det er ikkje personleg frå hunden si side, og eg syns det går an å respektere hunden nok til å ikkje påtvinge noko nærkontakt når den ikkje ønsker det.

På dei følgande bileta, kven kosar seg mest her?




Dette biletet i seg sjølv er særdeles skummelt, syns eg... det ser nesten ut som om det er tre ulike individ her. Hovudet til dama ser ikkje ut til å tilhøyre kroppen..  


10 kommentarer:

  1. Helt enig med deg Kari Anne! Dette er noe jeg også gang på gang ser - og kommenterer på kurs. Som regel får eierne "en ny hund" hvis de bare klarer å la være å klappe dem, mens de trener/belønner. Flott at du tar dette opp! :D

    SvarSlett
  2. TUSEN TAKK... dette har jeg aldri tenkt over, men fikk meg en skikkelig oppvekker nå:-) Pelsen her liker ikke kos i utgangspunktet, men jeg har nok ved altfor mange anledninger gitt han et "vennskapelig" klapp og klem på hodet. Nå skal jeg prøve ut å bare la han kose seg med godbiten eller leken :-)

    Igjen... TUSEN TAKK!!!!

    SvarSlett
  3. Hahahaha... utrolig godt innlegg. Og må si du har klart å gi gode råd på en meget humoristisk måte! Genialt!!

    SvarSlett
  4. Ghita,
    Eg veit faktisk ikkje om så veldig mange instruktørar som terper på dette her (eg visste om deg, altså...), men der er absolutt behov for det!

    Frost (eg veit ikkje navnet ditt..)
    Du må gjerne fortelle om du merker noen forskjell på Frost etter at du har testet ut dette her :-)

    Nina,
    Eg sat og flirte mens eg skreiv dette her, det må eg innrømme.. og eg lurte på om eg skulle bli meir grafisk enn eg endte opp med, men fant ut at det kanskje ville bli litt vel døøørti ;-)

    SvarSlett
  5. Keep it coming - vi sluker alle gode råd her. Ser veldig godt på Cora at det er en hund når "hun er på jobb" og en når hun er "hverdagshund". Og mer grafisk enn dette og du må sette aldersgrense for følgerne dine ;)

    Fint at du er dyrenes Dr. Phil for oss.

    Frost heter Cecilie, btw :)

    SvarSlett
  6. Halleluja, og TAKK for at du setter ord på noe jeg la merke til i sommer:

    Med Heidi har jeg, fra så langt jeg kan huske tilbake, hatt for vane å ofte gi en liten "klaps" med lett hånd i siden idet jeg serverer godbiten. Har liksom aldri reflektert over effekten før jeg på Sølen trente litt med en annen hund.

    Vanen tro (ting sitter i ryggmargsrefleksene mine) kom "klapset" både titt og ofte også da jeg belønnet denne hunden. I motsetning til Heidi (som sikkert er blitt habituert på dette klapset etterhvert) så la jeg merke til at denne hunden trakk seg litt unna meg. Heldigvis skjønte jeg ganske fort hva jeg gjorde galt og holdt labbene mine unna. Det hjalp!

    Så etter denne hendelsen har jeg vært ganske så OBS på "klåing" i tide og utide. Også når det gjelder Heidi. Fort gjort å "forsure" belønningene våre om vi ikke er helt bevisst hva vi driver med.

    Greit å ha litt i bakhode dette med rekkefølge på ting og tang. Jf Kathy Sdao`s tanker omkring motbetinging, blant annet.

    Takk for enda et supert, og tankevekkende innlegg, Kari Anne :))

    SvarSlett
  7. Veldig bra innlegg, og veldig sant.

    SvarSlett
  8. Nå har jeg testet det litt ut, og jammen kom responsen fort når jeg sluttet med det "koselige" klappet på han og heller serverte godbiten eller leken.

    SvarSlett
  9. Så flott!! Trur nok mange har gjort belønninga bittelitt (eller kanskje til og med mykje) kjipare med kladding og klapping.
    For min eigen del kan eg takke svigermor for denne oppdagelsen. Ho skal alltid klemme Ayla RETT etter ein godbit, og då ser eg at Ayla helst vil ete i fred. Dei får bare styre på, for Ayla er så glad i mat at det gjer ingenting, og svigermor er så flink med alt anna når det gjeld hundane :-)

    SvarSlett
  10. Åh, jeg klemmer hundene mine både ofte og mye, men det er fordi jeg liker det, og fordi de kjenner meg og er vant med det. Jeg ville aldri funnet på å klemme på fremmede hunder eller hunder jeg ikke kjenner veldig godt. Jeg er jo klar over at mine ikke er superbegeistret for det, siden klemming er en menneskegreie, derfor så har jeg funnet et ut en alternativ metode for å gjøre klemming litt mer positivt for dem - klemming på kommando, med belønning.

    Sånn ser det ut: http://www.youtube.com/watch?v=SnQN3u5jQzA

    Som sagt litt smatting og litt sånt, men det er ikke verre enn at hun tilbyr denne atferden titt og ofte :)

    SvarSlett