søndag, oktober 22, 2006

Søndag, den frykta "siste kursdag"-dagen.

Som kjent har søndagane vore den dagen då Ayla gjer utfall. Eg håpa i det lengste at i dag skulle vera unntaket, men sånn skulle det ikkje bli.

Eg kom meg avgårde i rett tid, og me skulle trene ute heile formiddagen. Baklengskjedinga fra i går skulle fortsetjast, og det gjekk sånn nokonlunde. Det var vanskeleg å legge på tre ting til kjeden, og å hugse på at for kvar gong me avslutta perfekt, skulle ho få maksbelønninga (som i går og i dag var ei høne som lager pipelyd).

Dessverre var eg litt veldig uheldig og klarte å hive høna opp på eit tak like ved der eg stod, og om ein meiner at hundar ikkje kan visa følelsar, så skulle dei sett Ayla då. Ho blei kanonskuffa for at høna forsvant, og sto og stirra lengselsfullt opp mot taket mens ho forsøkte å mane høna ned igjen.

Eg gjekk til Siv og forsøkte å smiske henne til å klatre opp og hente høna ned. I staden fant me på at me skulle prøve å kaste langlina opp på taket og få den til å skyve med seg høna ned igjen. Siv kasta som ein annan lassoekspert, men fekk berre høna til å bevege seg bittelitt.

Så kom Tove og spurde om ikkje det var betre å klatre opp, og så klatra ho opp! Med høgdeskrekk! Eg blei heilt imponert, altså!
Høna kom i allefall ned igjen, og me kunne fortsetje med kjeding.

Innimellom fekk me tatt ein god del desensitivering også, både med Siv, Hedvig OG Wenche (som egentlig er litt redd for rottweiler etter eit djupt bitt)! Tove fekk også eit forsiktig nuss på munnen då ho sette seg ned for å helse. :-)

Nesten heilt på slutten stod Wenche, Siv, Ayla og meg ved bilen min. Åsne datt og slo seg eller noko, så Siv gjekk bort til henne for å sjå etter. Så kom Siv tilbake med Åsne grinande på armen, og då busta Ayla og bjeffa EIT boff før ho såg på meg. Så gjekk eg vekk eit lite stykke, men ho boffa igjen og såg på meg.

Teite meg stod berre og såg på Ayla då, lenge nok til at ho snudde seg mot bilane igjen og boffa.

Så gjekk me endå lenger vekk, og då tidde ho stille. Først då klikka eg. *klaskepanne*

Jaja, ein kan ikkje vera perfekt heile tida, heller...




Til slutt fekk me diplom og me blei alle enige om å treffast på vårparten, sånn cirka midt mellom her og der, og trene litt saman igjen. Håper det blir noko av!! Eller som Anderson Cooper så treffande sa til Oprah på showet hennar: "Hope is not a plan." (veit du ikkje kven Anderson Cooper er???? Han er nyhetsreporter i statene.)
Me får rett og slett sørge for at det blir gjort!

_____________________



Turen heim gjekk i øsande regnvær, og med nærlys som er stilt for lågt, var det vanskelige kjøreforhold i nesten 30 mil. Eg få stilt dei i dag!! Eg må!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar