søndag, oktober 29, 2006

Stødig hund, tross alt!

Det begynte å regne igjen i går, så for å herde Ayla litt meir på regnvær, tok eg på meg habitten min og gjekk opp til sentrum i kveldinga.

Tidlegare på dagen hadde straumen gått og vore vekke i ti minutter, og då me kom opp til sentrum forsvant han igjen. Det var ein ganske så eiendommelig opplevelse, for det var blitt skumring innan me kom opp dit. Brått blei alt mørkt. Over alt.
Etter omtrent nye ti minutter blei verden lys igjen, og då var me nesten inne i sentrum. Vetle skulle komme og hente oss, og mens me venta på han, tok eg litt generalisering av utgangsstilling ved eit fotgjengarfelt. Ho sat fint til folka var gått forbi, då braut ho og snuste etter dei.

Der var ingen teikn til bust eller skummelt, til tross for at det var blitt mørkt, og det er eg glad for.

Då Vetle kom, sendte eg han inn på Rimi for å kjøpe meir Frolic, og mens han var der inne, trente eg litt fokus og dekk på plenen foran parkeringsplassen. Brukte pipeleike som belønning, for eg hadde gått tom for pølse.
Ho fokuserer på meg sjølv om det går folk forbi ganske nært, og sjølv om bilar køyrer forbi oss med nokre meters avstand. Folk skrålte frå ein pub like ved, men fokuset forsvant ikkje frå meg.

Vetle kom ut og stod ved bilen og såg på oss litt, og då kom det brått eit kraftig smell som både eg og Ayla skvatt veldig av! Ho kraup litt saman og kikka intenst mot der lyden kom frå, og eg ville avbryte og hive henne inn i bilen (har ikkje peiling på kvifor...). Vetle foreslo at eg skulle trene litt til før me avslutta, og eg gjorde det. Ho virka bittelitt affisert i cirka to sekund, og så var ho heilt vanleg igjen. Takk og pris at Vetle foreslo det!

______________

I dag driv eg og Vetle og ommøblerer stova.

Ayla har byrja å ansjå åpen kjøkkendør som eit signal på at ho skal lukke den att, og i dag stod støvsugaren støtta opp mot den åpne døra. Eg tenkte meg ikkje om, og brått stod Ayla og skulle lukke døra. Ho dytta døra inntil, og dermed datt støvsugarslangen ned på henne med eit brak!

Vetle fjerna støvsugaren, og eg åpna døra og ba henne lukke den. Ho nølte ikkje eingong! Snakk om stødig hund!

Eg har vel inntrykk sånn generelt at ho avreagerer fort, og får stadig bekrefta det inntrykket når noko skjer.

Ein får ta med seg det positive ein kan...

--------------------


Sånn bortsett frå det, har eg begynt å trene på at ho finn kronestykker som eg har hatt i handa.
Eg set meg på golvet, legg mynten på golvet, og klikker når ho snusar på den. Eg begynte med å belønne med pølse, men har no gått over til å belønne med XXL-ballen, for den kjem ho tilbake med for at me skal leike.
Eg gøymer av og til mynten under tøflene til Vetle, og ho skjønner at det er den ho får klikk for. Nokre gonger plukker ho den også opp frå golvet og gir til meg!

Til veka skal eg ta med mynten ut og gjer det same ute. Funn av mynten skal alltid føre til maks belønning for å auke motivasjonen til å finne den.

2 kommentarer:

  1. Det var ei annerledes side du hadde fått deg nå må eg sei. Ser eg har masse å "catche" opp på, men de komme nok i mårå. Eg for min del likte vel bedre den gamle versjonen, men så har ikkje eg så utrulig gode linkar som du har. =)

    SvarSlett
  2. Tipper du er ute å legger spor nå ;) Flyttet fra lydightsboblen til bruksboblen??? Flink er du iallefall!! Og Ayla tipper jeg er dritflink :)
    Jeg har parkert i "ikke-trenings giret"... Akkuratt nå orker jeg ikke sette bilen i gir heller...
    Vi får ta det som det kommer... Skal til Fitjar på utstilling i helgen så der er vi iallefall i 5 gir *hihi*
    Klem fra oss sjarmtroll :)

    SvarSlett