torsdag, oktober 19, 2006

Kor blir dagane av?

Sidan sist har me trent spor, rundering, hold fast, hinder, utgangsstilling, ikkje-ete-råttent-fiskeslo-fra-komposthaugen, innkalling, gå fint i bånd, lukke kjøkkendøra, inn i buret og legge seg, sjå på jentene som rir utan å bjeffe, gå forbi gjess på Vistnestunet i laust band, og desensitivering på berøring.

Sist helg laga Vetle hinder til meg, så nå har eg eige hinder igjen! Juhuu!!!!

Elles undrar eg meg over kor dagane blir av. Det er ikkje lenge sidan eg tenkte at eg har god tid på grunnferdighetene, for det er jo ein heil månad igjen før siste kurshelg!

Ein del timar gjekk med til å skrive dikt, bake kake, kjøpe gave, finne klær og stryke klær til Olaug og Anders sitt bryllaup fredag 13. oktober. Nokre timar har blitt kasta bort foran tv, data og xbox. Eit ukjent antall timar har blitt sløst vekk på husarbeid og middagslaging, og då er det liksom ikkje så mange dagane igjen. I dag er det torsdag, og eg reiser nedover til Grimstad i morgon. Berre eg og Ayla. I min bil som Vetle har fiksa høgtalarane i, og ny svær mp3 cd er brent.

I kveld MÅ eg rydde utor bilen og få inn buret til Ayla. Eg MÅ pakke! Og i morgon skal eg berre jobbe halv dag, så eg får kome meg avgarde tidlegare enn vanleg. Tenkte eg skulle legge eit spor før eg dreg på jobb i morgon tidleg, og så kan Ayla gå det når eg kjem heim ved tolvtida. Eit fire timar gamalt spor bør vera rein skuring, skulle eg tru...

Eg MÅ hugse å ta med alle regnkleda mine, for det er meldt mykje nedbør til helga. Dei nye, deilige, varme og gode stevlane som eg kjøpte for bursdagsgaven fra mor til Vetle er viktige å ta med. Ho må jo få sjå kva eg fekk av henne :)

Opplada fotoapparat og videokamera er også viktig.



Er det nokon før meg som har vore skråsikre på at døgnet har for få timar, tru?

2 kommentarer:

  1. jepp, fruen har blogga, og døgnet har iallefall 5 timar for lite...... Ska me senda inn søknad sånn at de kan auka antal timar i døgnet for oss? Går jo bare i soving og jobb......
    Har forresten fått billettar te Kaizers konserten den 12 November. E heilt i hundre for det.. JUhuuuuu

    SvarSlett
  2. Så kjekt for dåkken, da! :-)

    Ja, me sende inn søknad... lov å prøve, vettu :-)

    SvarSlett