mandag, oktober 23, 2006

Mandag. Tur i regnvær.

Hadde fri i dag, og fekk faktisk unnagjort det eg skulle: Vaske litt jobbklær og renske baderomsvasken så vatnet rant unna igjen, ja og lage tacos (hadde jo ikkje det på lørdag, såh).

På kvelden, etter deilig tacos, blei Vetle og eg enige om å ta med oss hundane på langtur. Begge to hadde refleksvestar, hundane også, og Ayla gjekk med den nye selen sin. Eg er ikkje heilt sikker på om ho skal bruke den eller den andre til sporing endå. Må teste litt først.

Me gjekk avgårde klokka sju og var heime kvart på ni. Då hadde me gått fire kilometer. Ikkje så langt i meter kanskje, men det var ganske surt vær i kveld. Eg syns likevel det var veldig koselig, og hundane såg ut til å storkose seg!

Fekk tatt litt innkalling på Ayla med Vetle som hjelp, og ho har fantastisk fart i kroppen, altså! Tok ein innkalling med Joey også, og det merkes at han snart er elleve år. Det skulle då berre mangle.

Gjekk dessverre tom for godbitar sånn cirka halvveis, og det var litt kjipt. Ein annan ting som også var litt kjipt, var at 400 meter heimefrå kom det først ein bil som passerte. Ayla gjekk då klin attmed meg. Akkurat idet den passerte, dukka det opp to skrålande ungar frå ein hekk der det var mørkt, og Ayla skvatt og begynte seriebjeffing. Ungane ropte og skreik og sprang derifrå mens Ayla bjeffa. Eg banna og steikte og hadde lyst til å snu og gå heim.

Et par hundre meter seinare kom det ein gut og faren, og då klikka eg heile tida. Det kom ikkje ein lyd frå Ayla, så eg trur nok at ho berre skvatt skikkelig av dei ungane. Det var liksom så mykje som skjedde på ein gong; bilen som passerte, og Joey som hadde stoppa opp der framme, og så PANG to ungar som kjem sprettande og skrålande frå intet.

Då me kom heim, var begge hundane skitne all over, så Vetle tørka Joey mens eg tørka Ayla. Ho står heilt i ro nå, og det er nok ikkje lenge til ho gjer slik som Joey; løfter foten opp av seg sjølv.. :-)

Begge hundane har god apetitt for tida.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar