fredag, oktober 20, 2006

Hekta på bruks!

Jepp, eg er hekta på bruks. Eller i alle fall spor og rundering. Feltsøk har me ikkje gjort så veldig masse av endå, men så har eg jo fastslått at døgnet ikkje har nok timar uansett. Me får ta det når me får tid.

I går kveld såg eg på Vetle med bedande auger og spurte om det var greit at eg gjekk over jordene ned til sjøen og kom opp igjen og gøymde meg oppå steingjerdet sånn at han kunne ta med seg Joey og Ayla og sleppe dei når dei var kommt forbi den siste porten. Det ville han sjølvsagt, så eg tok på meg regnklær, mp3 spelaren, og magliten som Vetle kjøpte til meg og rusla nedover i mørket. Sarah McLachlan og Van Morrison holdt meg med lag til eg kom ned til sjøen, men så var batteriet tomt. Jaja...

Eg la meg oppå steingjerdet, inntil ein busk som vokser over det, og ringte til Vetle at nå kunne han komme.

Han ga meg teikn at han var komen, og slapp Ayla. Eg hadde god vind i ryggen, så eg visste ho hadde meg på overvær, men eg var ikkje sikker på om ho ville løfte hovudet og finna meg. Det varte og det rakk, og så høyrte eg kvister som knakk og høglydt pesing. Så såg eg henne, gjennom mørkret, og ho kom rett bort til meg og kikka opp. Ho fekk ein svær neve pølsebitar, og så prøvde ho å hoppe opp på steingjerdet til meg, skjønnashunden min. Ho kom seg nesten opp også, men eg fekk hindra henne i siste liten.

Etterpå fortelde Vetle at ho hadde snust i bakken til å begynne med. Så hadde ho stramma kroppen, opp med halen og nasen, og så hadde logringa begynt. Deretter tok ho ut beine vegen mot der han hadde sett lyktelyset frå meg. Ho sprang rett gjennom kratt og buskar og myr og pyttar, og ein eller annan stad mista ho den eine stroppen til refleksvesten ho fekk av mor til Vetle.

Han sa det var artig å sjå kor raskt ho fekk ferten av meg, og at neste gong skulle han ned og gøyme seg. Juhu! :-)

Den blå streken er der eg gjekk, den rosa er der Vetle og hundane gjekk.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar