søndag, mai 07, 2006

Søndag 7. mai. NKK utstilling




Nerver, sommarfuglar i magen, grue seg, kvalm, oppglødd, stressa, tåkeheim. Dette er berre stikkord for korleis eg hadde det denne søndags morgonen.

Me kom til Sørlandshallen rett over ti, og skulle etter programmet vera i ringen klokka elleve. Vel inne fann me ut at det sjølvsagt ikkje stemte lenger.

Eg fann Anne Karin og faren mens Vetle fann plass for oss å sitja rundt ring tre.

Ayla roa seg veldig bra då me sat og venta, og ho la seg til og med heilt ned og slappa av. Svigerfar kom også.
Mens eg sat og kikka på korleis dommaren handsama hundane, fekk eg bange aningar. Han tok nemleg hundane på hovudet før han sjekka tenner! Iiik!! Eg burde jo berre trekt meg der og då, men så lur var eg ikkje.

Då det var vår tur, stilde ho seg skikkeleg fint opp. Dommaren nærma seg. Ayla såg han ikkje før han stod like ved sida av henne og la handa på hovudet hennar. Ho trakk seg vekk og forsøkte å hoppe på han. Så la han handa på hovudet att, og då trakk ho seg vekk igjen mens han ville halde henne att. Då bjeffa ho mot han.

Eg hadde halvveges venta at me skulle bli vist ut av ringen, men det blei me altså ikkje. For det er vel ikkje mitt ansvar å gå ut av ringen av meg sjølv?
Eg ba Anne Karin om ein klikkar, og fekk stått og klikka ein del inni ringen. Ayla roa seg igjen og då det var vår tur til å stå foran dommarbordet, viste ho seg skikkelig fint. Ho stod og logra som berre det, og dommaren ga trass alt grei kritikk. Det som gjekk på utsjånad syns eg var veldig bra, men han syns at mentaliteten hennar ikkje var bra. Og så sa han at tannvisning ikkje var optimal.

Øhhh... det var mildt sagt...

Me fekk ei gul sløyfe og kritikken i handa, og så skulle me ikkje springe eller noko. Eg skjøna ikkje kva som hende heilt, men eg trur ikkje me blei KIPa, som det heiter.. Det står i alle fall 3 på kritikken, og ikkje KIP.

Nederlaget var til å ta og føle på, og eg var nok litt skjelven etterpå. Eg spurde far til Anne Karin om eg kunne kome ut til dei og bruke han til å trene på, og det sa han "ja sjølvsagt" til. Dei har hatt to rottweilerar tidlegare, så eg skal ut der og trene tannvisning til veka.
Etter utstillinga var det berre å dra og pakke og komme oss avgårde, for det er lange mil frå Kristiansand til Randaberg når motet og humøret er knekt.



Gløymde jo heilt å fortelle om resultatet til Shaylee: 1JK, 1 JKK, HP og 3 VK

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar