torsdag, mai 25, 2006

25. mai Trening på Vistnes.

Våkna til ein strålande Kristi Himmelfartsdag, sjølv om værmeldinga hadde spådd det motsatte!

Anne Karin og Shaylee var her rett over elleve, og rundt halv tolv rusla me oss bort mot lyktestolpen (40-50 meter bortanfor huset her). Det var tomt for folk på Vistnestunet, bortsett frå Elna og ei av jentene som hjelper til der. Me byrja med innkalling på Shaylee, og greide med eit nødskrik å gi oss før farten blei altfor låg.

Då det var Ayla sin tur, kom Elna og jenta bort og ville så gjerne helse på den skjønne litle hunden.
Eg trur kanskje Ayla ikkje var heilt fornøyd med det, for ho byrja å bjeffe litt då Elna sette seg ned og klappa Shaylee. Men berre enkelt bjeff. Eg trekte meg lenger vekk frå dei andre, og bjeffinga stilna. Så nærma me oss igjen, langsomt, og denne gongen bjeffa ho ikkje. Eg lurte på om det kanskje var jenta ho bjeffa på, og var litt sånn påpasselig og på vakt og sikkert også nervøs då Ayla litt seinare fekk anledning til å ha Elna for seg sjølv. Ayla gjekk også bort til denne jenta som var kjempeflink og snudde seg vekk då Ayla forsøkte å hoppe opp på henne. Eg hadde nemlig nett forklart Elna korleis ho skulle gjer om Ayla hoppa. Helsinga gjekk kjempefint, og eg lata som om eg slappa heeeeilt av. Det gjorde eg altså ikkje.. Eg veit endå ikkje heilt kva som triggar utfalla hennar.. Og eg har også innsett at eg ikkje greier å høyre kva bjeffinga hennar betyr, slik eg gjer med Joey. Med han er eg aldri i tvil, men Ayla si bjeffing er så lite nyansert for meg endå..

Anyway, me fortsette å trena, og eg fant ut at eg måtte trene meir på rein dekk. Etter at eg har trent avstandsdekk, så spretter ho no opp frå dekken med ein gong.

Anne Karin og eg blei ogs enige om at me måtte bli flinkare til å auke kriteriene i riktig tempo. Til nå har me nok vore litt treige med akkurat det.

Kva anna trente me på? Litt ro-trening, faktisk... Eg stod berre rett opp og ned og Ayla la seg ned og slappa av litt i blant.

Jo!! Me trente jo på target!! Det var jo då me fant ut dette med kriteriene!

Ellers fekk Shaylee borti mykje nytt i dag. På Vistnestunet var der nemlig: ender, høns, gjess, sauen Ane som i stadenfor å springe vekk frå Shaylee kom ruslande mot henne og snuste og stanga henne venleg i rompa, gris, hestar, esel, geit, og ikkje minst Legolas - katten min (eller vår, sidan Vetle også gir han mat av og til )
Legolas er nemlig ganske roleg av seg, og angrip ikkje med mindre han må. Han skaut litt rygg og freste litt, men det var vel helst pga at Ayla støkkte han litt. Shaylee stod eit par meter frå i langline som eg holdt, og Anne Karin stod ved sida av og klikke for kontakt.

Til slutt gjekk me ned på Vistnestunet og kikka på sauen, grisen, endene, gjessa, høns, geita (lurer på kvifor gjess og geit uttales med j men skriver forskjellig? Kvifor heiter det ikkje gjeit? Eller gess?) Shaylee klarte seg kjempefint, og var nok ganske sliten på slutten av dagen.
Ho fekk helse på Joey som var heilt i hundre over denne vakre skapningen som rakk han til knea.. Shaylee på si side var nok ikkje fullt så sjarmert av Joey.. Men dei helste då på kvarandre og alt gjekk heilt greit.

Joey fekk forresten vera med ut og ønske Anne Karin velkomen då ho kom, og han gjekk rett bort og logra og syns det var kjekt med besøk.

Klokka er nå halv elleve, og det har knapt nok vore liv i Ayla sidan firetida. Ho har stort sett sove under bordet eller inni buret sidan då.
Og i dag var me lure nok til å hugse solkrem!! Juhuu!! Framgong!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar