lørdag, mai 06, 2006

Lørdag 6. mai. Trening ved Sørlandsparken










Kom meg avgårde med GPS, rottweiler, godbitar, klikker og vatn og stol rett over elleve. Måtte ha tid til eventuell villfarelse.

Å finne Sørlandsparken gjekk greit, men å finne grusplassen mellom Biltema og Sørlandssenteret, sjå det var verre.

Vetle er god å ha, for han veit nøyaktig korleis eg må få direksjonane for å finne fram, så eg ringte og lurte på kor eg var og kor eg skulle. Han fekk geleida meg til rett plass, og eg var først ute.

Fekk rigga opp stol og vatn før Siv og Elin kom i same bil. Deretter kom Wenche. Og til slutt kom Hedvig. Klokka var et stykke over tolv før me alle var komne på plass.

Heile dagen lova bra, for sola varma godt, og kvite vinterarmar fekk smake solstråler for første gong i år! Me hadde ute ein og ein hund, og trente på litt forskjellig. Eg trengte å trene på å hilse utan å hoppe, for førti kilo rottweiler er ikkje alltid godt å få i magen, liksom.
Så trente me ganske masse kontakt, ein del utstillingstrening som å ta på kroppen og tannvisning, og så prøvde me også litt innkalling.
Wenche og Hedvig måtte dra i to-tre tida, og då var det på tide med litt mat for Elin, Siv og meg.

Oscar's eller Oskars eller med apostrof eller uten. Husker ikkje, men hamburgaren var god! Vel å merke når eg endeleg fekk den slik eg ba om : utan dressing.Fortelde Vetle seinare på kvelden at eg hadde kjøpt hamburgar i dag, og han måtte sjekke panna mi for feber..

Anyway, me avslutta dagen rett over fem, og både eg og Ayla var heilt ferdige OG totalt fornøydde! Eg reiste derifrå med alle moglege forhåpningar for dagen etter: NKK utstillingen. Lite ante eg...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar