onsdag, mai 10, 2006

Onsdag 10. mai Tannvisningstrening

Kom til Anne Karin rett før halv sju. Då var foreldrene hennar der. Eg fekk endeleg veta namnet på far hennar, og det var Arnfinn.

Liv Karin (mor til Anne Karin) tok med seg Aro og Shaylee og gjekk innandørs. Arnfinn gjekk også inn, mens Anne Karin blei igjen ute. Eg gjekk og henta Ayla, og stilte meg opp på plenen for å trene litt på Anne Karin først. Det er jo Ayla vant til, så me gjekk gradvis fra tannvisning og til å føre handa over hovudet hennar før me ba Arnfinn om å komme ut.

Då byrja Ayla å bjeffe mot han med ein gong. Eg gjekk eit stykke bakover, til ho tidde stille og kikka på meg, og så klikka eg. Arnfinn gjekk i ring rundt oss til eg hadde kontakt med Ayla heile tida og ho ikkje lenger brydde seg om han, og så ba eg han stå i ro. Ayla og eg nærma oss gradvis, og eg ba Arnfinn halde handa si ut med håndflata opp. Ayla tok kjapt signalet og gjekk og la haka i handa hans. Arnfinn fekk lette på leppa hennar før me ga oss. Han stod heilt i ro mens Ayla gjekk og snuste litt på plenen.

Godbitane i kveld var mikrokokt frostskada kyllingfilet (som forøvrig var saftig og god, trass mikrobehandling) og kalkunkarbonader.

Så byrja me på igjen. Nærma oss gradvis, og endte opp med full tannvisning før eg sette henne i bilen igjen.

Neste økt var Arnfinn allereie i hagen då Ayla og meg kom inn. Ho bjeffa eit par gonger, og såg på meg, og klikkinga var i gong. Arnfinn kom bort til oss denne gongen og endte opp i full tannvisning.

Så kom Anne Karin bort og førte handa mot hovudet hennar. Så over hovudet, og så holdt handa over, og så kom Arnfinn bort og byrja på same måten. Først bort mot hovudet, så over, og så ga me oss.

Arnfinn sette seg ned på huk, og Ayla gjekk bort og slikka han i ansiktet. Han koste med henne, og ho syns det var heilt kult. Heilt til han reiste seg opp. Då byrja ho å stresse og bjeffe igjen og blei tydeleg usikker. Eg trakk meg litt unna, til ho blei stille og kikka på meg, og så fekk eg klikka Arnfinn bort til oss og han klappa henne og gjekk vekk igjen.

Anne Karin henta Aro ut, og så fekk han og Ayla leike litt i hagen. Begge to storkoste seg, og Ayla kom bort til meg eit par gonger med Aro på slep, og så fekk begge to klikk og godbit.

Me trente litt på Shaylee og bjeffinga mot vegen også, og dommertrening ved bordet. Og så fekk Ayla og Shaylee tutle litt i hagen.

Halv ni reiste eg heim igjen, og rakk akkurat Lost. Vetle hadde laga nachos til eg kom heim..



Eg må bare skryte av Arnfinn som var råflink til å gjer nøyaktig på ein prikk akkurat det eg ba om! Slike folk er uunværlige til slik trening som me gjorde i går! Eg blei heilt imponert!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar