onsdag, mai 10, 2006

Onsdag 10. mai.

På lørdag viste Siv korleis ho har trent inn utgangsstilling, så det skal eg begynne på no. Målet er å ha den inne innan neste kurshelg.

På mondag gjekk Vetle og eg sein tur med hundane pga varmen. Ayla blei oppteken med noko i to sekunder, nok til at eg akkurat rakk å springe og gøyme meg utan at ho såg meg. Då ho kikka opp etter meg, såg ho berre Vetle, og sette opp farten og sprang forbi han for å leite etter meg. Ho brukte nasen sin utruleg godt, og eitt minutt seinare fann ho meg og rundsleika meg.

I går gjekk me også sein tur, og då gjekk eg med Ayla og Vetle med Joey. Eg ba Vetle gå litt framføre meg, så me fekk trene bandtrening med nokon framføre.. Tidlegare har nemlig Ayla drege i båndet heilt forferdeleg når ikkje ho går først. Etter nokre få klikk gjekk ho i laust band ved sida av meg størsteparten av resten av turen. Ho lærte endå tydlegare at: Tørr grastue KAN bety mus. Då seier eg: "Fhinnhe mhuss!", for den kan Joey. Han VEIT at han skal leite etter mus då, så dette har han byrja å føre over på Ayla.
For ein del år sidan fann nemleg Joey og Tinka ut kor hytta til svigerfar ikkje var musetett.

Eg er særs nøgd med korleis ho er å gå tur med, og i dag skal eg jo ut til Anne Karin og trene tannvisning med far hennar. Då tenkte eg å spørje om me skulle ta ein liten bandtur i lag, så eg får generalisere det. Det hadde jo vore kjekt om ho kunne gå så fint med alle som gjekk tur med henne... For eg trener ikkje på at ho ikkje skal snuse på tur, berre at bandet skal vera slakt.

Plaga Siv på MSN i går og fekk råd om å ikkje gi Ayla mat i dag, og ta med godgode godbitar i kveld. Så i dag fekk ikkje Ayla mat. Eller, det vil sei, ho fekk nokre tørrforbitar i skåla si medan Joey åt maten sin. Ho såg ganske snurt på meg då ho var ferdig og Joey såg ut til knapt å ha byrja på sin mat... "Var det alt? Tre bitar tørrfor, liksom? Tuller du??"
Ho får kyllingfiletbitar og pølse og karbonader på trening i kveld.

Eg er spent på korleis dette går...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar