torsdag, mai 11, 2006

Torsdag 11 mai. Ein roleg dag.

I gårkveld begynte eg å trene på å spørja om lov før ho eter hestebæsj.

Oppe ved vegen låg der ein svær haug med heilt fersk hestebæsj. Då me gjekk kveldsturen såg ho lengselsfullt bort dit mens me gjekk forbi på trygg avstand. Vetle og Joey var med i kveld, og då me kom fram til der me plar la hundane springa lause, klarte eg å gøyma meg i dag også. Ayla leita febrilsk og jobbe utruleg godt med nasen sin! Det var mest ikkje vind i lufta, men ho fann meg til slutt. Overlukkeleg over at mor ikkje var oppslukt av jorda likevel.



Då me kom tilbake frå turen ein time seinare, gjekk me opp til haugen for å trena på å la hestebæsj vera i fred.
Eg gjekk mot haugen, og Ayla strama bandet. Eg stoppa. Ho kikka på meg, og fekk K/G. Så gjekk me nærmare, ho drog i bandet og ville bort, eg stoppa, ho kikka på meg og fekk K/G. Me gjekk endå nærmare, ho kikka på meg og fekk K/G. Endå nærmare, og nå kunne ho ha stupt fram og glefsa i seg bæsjen, men stoppa og kikka på meg. K/G. Me endte opp på kvar vår side av haugen, og då sa eg værsågod . Så gjekk me vekk eit stykke.

Då me gjekk mot haugen denne gong, kikka ho på meg heile tida dei første metrane slik ho plar gjere. Så kikka ho fram, såg haugen, og snudde seg lynkjapt mot meg. K/G. Me enda også denne gong opp på kvar vår side av haugen. Ho hadde faktisk eit par perler mellom frambeina, men kikka på meg heile tida. K/G. Så sa eg værsågod, og ho fekk ete ei perle.. Deretter gjekk me vekk eit stykke att.

Tredje repetisjonen gjekk mykje fortare enn dei andre, og denne gongen fekk ho jackpot då ho såg hestebæsjen og så kikka rett på meg med ein gong. Her skulle me ved nærmare ettertanke gitt oss, men det gjorde me ikkje. Me endte nok ein gong opp rett over bæsjen etter nokre klikk, og så fekk ho værsågod.
Fjerde gongen gjekk på same måten, og me ga oss etter at ho hadde fått værsågod. Det skulle eg nok ikkje ha gjort, så når eg skal trene på dette seinare, skal eg avslutte utan at ho får ete skiten.

I dag lurer eg på om eg skal desensitere henne på lydar i heimen. Eg støkk så forferdelig når ho voktar, og lydar i heimen vil der alltid vera. Det blir enten slik trening, eller at me går litt i sentrum av Stavanger og gjerne set oss ned ein stad for å sitja i ro ei stund. Får sjå korleis formen er utover dagen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar