fredag, juli 07, 2006

7. juli Funderingar

Det er mange ting eg har lyst til å lære Ayla. Men eg veit ikkje heilt korleis eg skal gå fram for å klare det. Ho er min første klikkerhund, og sjølv om eg syns det er vanskeleg til tider, kjem eg aldri til å gå tilbake til noko av det eg har holdt på med før.

Eg held på å lære henne at når ho skal helse på folk, så skal ho sitje.
Det er vanskeleg for henne, men ho blir betre og betre for kvar gong.

Eg har lyst til at ho skal lære at å komme tilbake med leika til meg.

Eg har lyst til å lære henne at eg syns det er heilt greit at framande folk står like ved bilen.

Når det ringer på treng ikkje ho å varsle i tillegg.

Eg har lyst til å lære henne korleis ho skal gå fint i band uten å trekke i det heile, slik at sjølv svigermor med vonde armar kan gå tur med henne.

Eg må huske på at ho er berre eitt år. Små framsteg er like fullt framsteg.







Og så merker eg at det eg har lett for å trene på det ho kan, slik at EG blir forsterka. Eg må våge å forsøke noko nytt, f.eks (blæh) utgangsstilling. Ho set seg når eg stiller meg inntil henne, men kanskje akkurat det har blitt eit SITT signal?

MÅ FÅ STRUKTUR i treninga. Det er vanskelig!!!



Det er ein månad att til freestylekurset, og den månaden skal me trene inn ein sikker (i alle fall sikrare) target på finger, og lære Ayla å jobbe på begge sider av meg. Ho er van med å gå på begge sider, men eg skal også få til nokre sittar og dekkar der.

Kanskje eg og Ayla dreg ned åleine og ligg i telt dei to nettene, for eg er ikkje sikker på om eg har lyst til å la Joey gå gjennom endå ein langtur når me nettopp har kome heim frå ferie nokre dagar før, berre. Me skal jo uansett ned til Grimstad igjen fjorten dagar etter freestylekurset, og då må han vera med.



Ting å trene på:

Fokus med forstyrrelsar
Target på finger
- følge etter eit stykke
- begge hender
- snurre
- hoppe opp til den
- bøye seg ned til den
- mellom beina mine
Stå
Holde fast
Avstandsdekk/sitt/stå
Lukke kjøkkendøra (den øvelsen skriv eg logg på, kor nå dei arka er blitt av..)
Ringe på døra utan å bjeffe (Vetle og eg blei enige om å trene fem minutter kvar dag på dette. Han skal pinadø få halde det han lover! )

Det trur eg er nok i første omgang.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar