onsdag, juli 19, 2006

19. juli Det er direkte skadelig å ha hund!


Dette skjedde i går då eg hadde vore ute på tur med Joey og Ayla.

Eg har eit band med karabinkrok i kvar ende, og i staden for å lage løkke i eine enden holdt eg i kroken. Då me kom tilbake fra turen, såg Ayla sonen til husvertane, og SKULLE bort for å helse. Eg holdt igjen, og kjente at noko gjorde vondt. VELDIG VONDT!! Eg kikka ned på handa mi, og såg at kroken hadde gått gjennom skinnet, og stod langt nedi handa.

Eg ba guten koble bandet av Ayla, så eg fekk trekt ut kroken uten frykt for bevegelsar frå henne. Det gjorde så vanvittig vondt, og eg var nesten litt skuffa over at det blødde så lite.

Husverten min stod der også, og han kom bort og sa eg måtte setja meg ned før eg trakk ut kroken.

Eg fekk han ut til slutt, og tenkte på badinga ved hytta med ein gong. Eg måtte vel kunne bade sjølv om eg nå var fryktelig skada? Kan hende eg måtte til legevakta og alt?

Men eg måtte jo ikkje det... When all else fails, make the worst of things. Jupp...

Ringte til Vetle og syns forferdelig synd på meg sjølv som måtte vera så uheldig og skade meg på hundebanda... (sår på foten for ein mnd-seks veker sidan)
Han sa "stakkars" og "huffda" og alle dei rette tinga, og så måtte eg ha papir på såret resten av kvelden.

Kva blir det neste?

5 kommentarer:

  1. så kul blogg du har fått!

    SvarSlett
  2. Takk for det! :-)

    Måtte bytte, for det gikk ikke an for alle å kommentere i den gamle...

    SvarSlett
  3. oi oi oi.. Du får det te og da..

    men du hadde rett om ka eg tenkte.. Kari Anne daaaaah.... ;)

    SvarSlett
  4. Ja, Olaug, det var det eg sa... :-)

    Så nå går Ayla med vannhale og eg med kanonvondt mellom tommelen og peikefingeren, og du kan tru me e et syn... :-D

    SvarSlett
  5. Dåkke blir nesten som knoll og tott då.. eh he..

    ikveld håpe eg på å få til nåken kjempe bra sittar og liggar, samt kontakt og target ute på parkeringsplassen. Det e jo ein kjempe plass å trene på, då det blir litt i same dur som når me trene alle samen..

    SvarSlett