torsdag, juli 27, 2006

27. juli Ayla sin ettårsdag!

Ja, idag er Ayla ett år. For ett år sidan idag sat me spent på hytta og håpte på at det skulle bli nok tisper i kullet til at det skulle bli ny hund på oss.
Og idag sit me her på same plass og ser ein svær rottweiler som ligg på verandaen og søv etter ein lang dag. :-) Tida går fort...

Dagen idag starta åtte, då ville ikkje Ayla sove meir. Vetle stod opp og opna verandadøra på vidt gap og sov vidare på sofaen til eg stod opp halv ti. Me åt frokost, slappa av til utpå ettermiddagen. Då tok me med oss håndklær, saft, niste og badetøy og køyrde ned til båten.

Ayla skulle absolutt ikkje oppi båten, så Vetle løfta henne oppi. Ho syns det var litt ekkelt, men litt greit også.
Turen bort til der me skulle vera gjekk greit, bortsett frå at Ayla var veldig interessert i årene. Ho hadde også veldig lyst til å drikke vatnet, men det er ikkje så praktisk å gjera frå båten, liksom.. :-)

Vel framme gjekk eg rett uti vatnet mens hundane fekk springe lause der. Dei haldt seg i nærheten og Ayla var veldig interessert i å halde eit auge med meg, sånn i tilfelle eg hadde gløymt ut å svømme.. Ho skulle ikkje uti sjølv, men ho var ikkje veldig bekymra over å ha vatn på beina.

Etter bading plukka me blåbær, og Ayla fant ut at ho kunne forsyne seg sjølv av buskane. Dermed gjekk me og plukka blåbær alle fire. Me var sikkert litt av eit syn. :-)

Då me skulle tilbake til hytta, hoppa ho heilt fint oppi båten sjølv.
Både Ayla og Joey sovna med det same me kom ut på verandaen og har sove sidan sju. Klokka er no halv elleve på kvelden.

Og nå har Vetle fyrt opp i stampen, så me skal ut og varme oss litt der. :-)

1 kommentar:

  1. Gratulere med vel overstått Ayla:)
    Bursdagsklem fra oss på Varhaug.
    (dette ble skrevet den 29 juli)

    SvarSlett