fredag, juli 14, 2006

14. juli Det går framover.

Meininga var å trene effektivt i går, men den planen gjekk rimelig kjapt i vasken då eg kom heim til ein hund som var uvel. Ho låg på golvet og sikla, og sidan eg nettopp hadde lest på Canis om flått som set seg i halsen, og kravler ut av seg sjølv, fekk eg litt noia.. Eg stod og lagde middag, og tilbaud henne litt svinekjøt. Det ville ho ikkje ha, så eg sa til Vetle at eg trur ho er kvalmen. Han tok henne med seg ut på plenen, og ikkje før hadde ho gras under beina, så spydde ho.

Ho hadde dessutan bæsja FEM gonger i løpet av dagen (ikkje inne, altså), og etter at ho var ferdig, låg ho som eit slakt resten av kvelden.

Avføringa var fast og fin og såg normal ut, men ho bare bæsja MASSE! Og mange gonger. Og spydde noko gult.


Etter at SOS Hundehjelpen var over, såg ho ut til å vakne igjen, og gjekk og fant ein sokk til meg og la den i fanget mitt. Idet eg tok i sokken, livna ho skikkelig til, og tilbaud rygging rett bakover, cirka ein meter. Eg braut ut BRAAA! og kasta sokken til henne. Deretter brukte eg klikkeren, og fekk til slutt to meter rask rygging.

Me tok med oss sokken ut på kveldsturen, og med ein gong eg hadde kasta sokken til henne, så var det bye bye Ayla ut på jordet. "Jaja," tenkte eg... "nå må eg huske kva eg las tidlegare på dagen, at når hunden drar avgarde med leika på den måten, så skal eg sjå ut som om eg ikkje bryr meg. Human-zen." Og jammen, sikker og visst, der kom Ayla og nærmast dytta sokken i handa mi!! "Juhuuu!", tenkte eg då!
Eg klikka nokre gonger til, og kvar gong sprang ho ut på jordet. Det tok henne kortare og kortare tid før ho kom til meg med sokken, og til slutt sprang ho ikkje på jordet med han først lenger. Då kom ho til meg med han, slik ho gjer inne. Me ga oss då. Flink Kari Anne. Og flink Ayla!

Ja! Då eg skulle snu ryggen til Ayla, kom Joey også og stilte seg ved sida av meg og snudde ryggen til henne, han også Han er blitt så ivrig etter å trene på ting som føregår mellom beina min (ja, eg veit korleis DET høyres ut), at han har byrja å bjeffe! Dakar gamlefar...

Tidlegare klarte eg ikkje å få han til å gå slalom meir enn to gonger, nå tar han fem og der er ikkje særlig mellomrom mellom han og beina mine lenger!!

Prøvde også å gå PÅ PLASS med han i går, og så sei snurr og gjere handteiknet (dette har eg bare prøvd framfor meg tidlegare), og han snurra!!
Han vil ikkje lenger ha tube som belønning, for eg brukte leverposteitube her ein dag, og då kom der noko luft ut som laga lyd akkurat i det han sette munnen til tuten. Tøffe brumlegutten blei livredd og ville ikkje kome nærmare tuba enn ein meter. Jadda...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar