torsdag, juli 13, 2006

13. juli Næmmen, ka DU har?

Dei siste dagane har Ayla blitt ekspert i å finne sokkar eller hanskar eller klogge såler, eller tomme dorullar som ho kjem til meg med. Me begynte med sokkar. Ho fekk ein, og kvar gong ho kom til meg med den, herja og leikte me. Av og til "vant" ho den, og av og til eg.

Dersom eg "vant", måtte ho gjera noko for at eg skulle hive den til henne. Ho måtte enten sitje kjapt, dekke kjapt, rygge fem steg bakover, eller stå og sjå på meg. Dersom ho vant, kom ho tilbake til meg og leverte den i hand eller fanget mitt.
Denne leiken blei kjekkare og kjekkare, og eg byrja å seie "Næmmen, ka DU har?" når ho var på veg mot meg. Ho var rottweilerhappy som berre tusan, og skikkelig gira på denne leiken. No når ho har vore og funne noko ho ikkje skulle hatt i munnen, kan eg seie "Næmmen, ka DU har?", og så kjem ho til meg med det i stadenfor å springe inn i buret og setje seg med rumpa til opningen og starte å tygge på det.

I dag tenkte eg å forsøke ute med sokkar og langline og trene på denne leiken i andre omgivelsar enn inne.
Denne linken fant eg som gjeld akkurat dette. Mange gode tips som er vel verdt eit forsøk eller ti.

Ellers har me kome godt i gong med ringeklokketrening. Nå kjem EITT boff frå begge hundar, og så ser dei på den av oss som sit i sofaen og drysser godbitar. Juhuu!!

Joey snurrer til og med ved sida av meg no.

Ayla har vore mindre bøllete med Joey i det siste.

Ellers ser eg særdeles fram til ferie om halvanna veke!!!!!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar